Den 28 år gamle oddingen hadde mykje å svara for då han vart tatt grytidleg søndag morgon.

– Han braut seg inn i kommunehuset i Odda natt til fredag. Natt til laurdag braut han seg inn på Sjukeheimen. Natt til søndag prøvde han seg på ein garasje, men då vart han tatt, seier politioverbetjent Ragnar Kaldheim ved Hardanger lensmannskontor til bt.no.

– Kva utbytte fekk han med seg?

– Mest fekk han vel frå sjukeheimen, like ved sjukehuset i Odda. Tredje etasjen der er under oppussing. Han braut seg inn i eit medisinrom. Der stal han massevis av medisinar. Han fylte ein heil ryggsekk med farlege medikament, fortel Kaldheim.

28 åringen sat først i arresten i Odda, men vart sidan overført til eit psykiatrisk sjukehus.