Dei ubedne gjestene har knust eit vindauga for å koma seg inn i kyrkja. Det er også gjort skadeverk på orgelet.

— Innbrotet har truleg skjedd natt til i går eller natt til i dag, opplyser politibetjent Tomas Sørensen på Fjell og Sund lensmannskontor til Kystradioen.

Det var dei tilsette som oppdaga det som hadde skjedd då dei kom på jobb i dag.

Politiet ber publikum å ta kontakt med politiet dersom dei har tips i saka.