Det er ein av Norges eldste gullsmedforretningar som vart robba natt til mandag. Tjuvane forsvann med gullvarer, dei dyraste klokkene og kontantar frå kassaapparatet. Verdiar for minst 600 000 kroner.

Harald Fagerstrand er fjerde generasjon gullsmed i butikken som skal feira 125-årsjubileum om to veker.

På desse åra har det vore tre innbrot. For seks år sidan skjedde første innbrotet.

To minutt

— Men dei to siste trur eg er gjort av same gjengen, seier Fagerstrand.

Han vart oppringt av vaktselskapet kvart på tre i natt. Men før han rakk fram, var tjuvane fordufta.

På videoovervakinga kan han sjå tre personar som tek seg inn i forretninga og ut igjen på to minuttar.

På videoen frå kamera inne i butikken, går ein mann rett bort og vrir kameraet vekk.

Etter to minutt ser han dei tre igjen på opptak frå kameraet på utsida.

Igjen og igjen

— Dei bar tungt, fortel han.

Fagerstrand er temmeleg sikker på at det er ein gjenvisitt han har hatt i butikken i natt.

— Eg meiner det må vera dei same som var her i august fjor og forsvann med varer for 400 000 kroner.

Han fortel at to menn frå Litauen vart tekne etter tips frå publikum då dei kasta emballasje frå innbrotet i ei elv i distriktet.

Eine vart dømde til eitt år og to månader, mens andre fekk eitt år og seks månader i fengsel.

— Dei er ute igjen no. Dei fekk vel rabatt på straffa si, seier Fagerstrand som legg til at varene frå innbrotet i fjor aldri er funne. Bortsett frå to mansjettknappar.

Han har brukt titusenvis av kroner i nytt sikringsutstyr etter forrige innbrot.

— Men det ser ikkje ut til at det har hjelpt mot noko, seier han.

Gjer ikkje opp

— Det siste eg har høyrt er at politiet etterlyser ein eldre svart Mercedes stasjonsvogn, seier Harald Fagerstrand til bt.no måndag kveld.

I dag har han sett gjennom videoovervakinga fleire gonger for å sjå om han kunne kjenne att nokon av tjuvane.

— Det er heilt håplaust. Tjuvane har hettegensar, maske og hanskar, seier han.

Fagerstrand har og brukt dagen på å tenkje på om han har sett nokon mistenkjelege personar i butikken dei siste dagane.

— Eg har dessverre ikkje lagt merke til noko spesielt.

I kveld undersøkjer politifolk butikken for spor. Når dei er ferdig vil Fagerstrand rydde butikken. Han er fast bestemt på å opne butikken i morgon klokka ni.

— Eg kan jo ikkje gje opp. Dette er levebrødet mitt, seier han.