Denne veka gjekk Solberg ut med at kommuane vil få 18 millionar kroner øyremerkt til breibandutbygging, på vilkår av at dei slår seg saman til ein storkommune.

— Eg trur folk flest meiner at breibandutbygging må komme uansett om vi slår oss saman eller ikkje. Det skulle berre mangle, og ingen vil i dag akseptere at breiband skal bli nokon eksklusiv rett berre for dei kommunane som slår seg saman, seier ordførar i Førde, Wilhelm Sandal.

Sandal meiner at ei eventuell statleg gulrot må innehalde andre tiltak, og ikkje noko som folk meiner ville komme uansett.

— Midlar til breiband er iallefall ikkje noko som vil påverke meg i denne saka, seier Sandal, som er KrF-ordførar i den største av dei fire samanslåings-aktuelle kommunane i Indre Sunnfjord.

— Dessutan er eg i utgangspunktet positiv til samanslåing, men vil høyre på alle reelle argument i saka.

Innbyggarane i dei fire kommunane skal seie si meinig om ei eventuell samanslåing i samband med kommunevalet til hasten.

Også leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) meiner at det er utidig av statsråden å lokke med store summar til ei teknisk utvikling som uansett er heilt naudsynt. Ho meiner det minnar om tvang når Solberg viftar med pengar, men krev sammenslåing for å utlevere dei.