Solheim meiner at han heilt klart handla i naudverje, og er oppgitt over korleis politiet har handtert saka.

— Det var heilt utenkeleg for meg å avslå å hjelpe. Ein seier berre ikkje nei når nokon som er i havsnød ringer for å be om hjelp, seier 28-åringen. - Slikt gjer ein berre ikkje.

Slo mot berget

Det var litt over klokka 23 sist laurdag at Solheims kamerat fekk motorstopp på den 24 fot store fritidsbåten ved Ausesundet, ikkje langt unna enden av flystripa på Florø Lufthamn. Havaristen klarte ikkje få ankerfeste, og var i drift mot svaberga da han fortvila ringde etter hjelp både frå AMK og kompisen.

Den kjappaste til å reagere var Henning Solheim, som var ute på byen med nokre vener denne laurdagskvelden. Han hadde 24-fotaren sin liggjande i ei småbåthamn berre få minuttar unna havaristen.

— Eg fekk med meg ein kamerat, vi tok redningsvestar på og la kursen utover i mørket. Da vi kom fram var det i alle fall ein meters bølgjehøgd, og båten hans låg allereie og slo mot berget. Vi strevde i ti-femten minuttar før vi fekk festa sleparen og kunne dra han frå og på slep inn i hamna, fortel Solheim.

— Kor mykje hadde du drukke?

— Eg hadde tatt nokre øl, men var fullt handlekraftig og ikkje spesielt rusa, seier han. - Vi kom i grevens tid. Det var berre snakk om nokre minuttar til, så ville båten blitt slått sund mot berget. Den hadde allereie fått skader, men var ikkje sprunge lekk.

Vil vurdere nødrett

Politiet rykte også ut. Sjølv hadde dei ikkje båt tilgjengeleg, og måtte låne ein frå brannvesenet. Undervegs mot havaristen fekk dei meldinga om at han allereie var berga og i god behald, og dermed returnerte politiet.

Men ei anna patrulje rykte ut med bil, og let redningsmannen blåse raudt i alkometeret da dei kom fram til havna. Dermed bar det til lege og blodprøve, noko som inneber ei formell sikting for båtpromille.

— Eg hadde gjort akkurat det same om igjen dersom nokon i havsnød trengte mi hjelp, seier redningsmannen til Bergens Tidende.

Og ifølgje politiadvokat Ronny Iden kan Solheim hamne på tørt land juridisk sett, og såleis gå fri straff. Iden meiner nødretten er eit svært aktuelt tema i saka.

— Først får vi sjå kor høg promille det er snakk om. Deretter må vi vurdere saka opp mot nødretten, seier Iden. - Fritids- og småbåtlova opnar heilt klart for at ei elles ulovleg handling kan bli lovleg som følgje av nødrett. Vi kjem til å etterforske denne saka med dette for auge.

Solheim håpar no at også politiet konkluderer med at han var i ein situasjon som gjev juridisk tilgjeving for ein redningsmann med nokre pils innanbords.

For ordens skuld: Utan naudvergerett ligg båtpromillegrensa på 0,8.

<b>NØDVERGE:</b> Seint lørdag kveld, med nokre pils innabords, kasta Henning Solheim seg i båten og redda ein kompis i havsnød. No risikerer han å få svi for redningsdåden, ettersom politiet har sikta han for båtpromille.
Oddleiv Apneseth