Politiinspektør Morten Daae, som leiar etterforskinga, stadfestar at det er aktuelt å gå til inndragingssak. Det kan bety at også styreleiar Knut Magne Domstein må møte i retten, på vegner av selskapet.

Politiet sin versjon er førebels at omfanget av fiskefusket er på fem millionar kroner. Dette er pengar Ervik-gruppa ikkje skulle hatt, men som er opptent ved ulovleg verksemd, slik politiet ser saka.

— Her ligg det heilt klart føre ei vinning, seier Daae.

Etter ein omfattande aksjon mot to fiskeriselskap på Sunnmøre våren 2001 vart to av leiarane på eit fiskemottak dømde til to års fengsel tidlegare i vinter. Dei to vart dømde for å ha manipulert med vektene slik at fiskarane fekk betalt for mindre fisk enn dei faktisk leverte. Dommen er anka.

Men også for selskapet dei to arbeidde for ventar ein reaksjon, på same vis som Ervik-gruppen no risikerer.

Politiet meiner at Sunnmørsselskapet fekk ein urettmessig gevinst på 6,5 millionar kroner ved å manipulere med vektene. Desse pengane krev politiet vert inndregne, og har reist tiltale mot selskapet. Styreformannen må møte for selskapet i retten, sjølv om han personleg ikkje er tiltalt for å ha gjort noko straffbart.

Knut Magne Domstein er i fylgje kredittopplysningsselskapet CreditInform styreleiar i Ervik Havfiske der det børsnoterte fiskeriselskapet Domstein eig 50 prosent av aksjane.

Ei inndragingssak vil difor indirekte ramme Domstein-selskapet, fordi den kan tappe Ervik Havfiske for verdiar.

Det siste tilgjengelege reknskapet for Ervik Havfiske viser at selskapet gjekk svært godt i 2001. Selskapet hadde eit overskot før skatt på 57 millionar kroner av ei omsetning på 180 millionar.