Dersom 39-åringen blir tiltalt og funnen skuldig i overlagt drap på ekskona, må retten ta stilling til om vanleg fengselsstraff vil gi samfunnet tilstrekkeleg vern.

Dersom dommarane meiner det er fare for at mannen kan gjere seg skuldig i tilsvarande brotsverk seinare, kan dei velje å dømme han til forvaringsstraff. Slike fangar sonar på Ila fengsel, forvarings— og sikringsanstalt, og påtalemakta må vurdere om det er forsvarleg å setje dei på frifot før dei eventuelt slepp ut. Spørsmålet kan også blir prøvd rettsleg.

I dei mest alvorlege tilfella opnar lova for å halde ein fange bak murane livet ut.

— Asosiale trekk, mangel på vanlege personlege barrierar og kontroll er moment som vil spele inn i vurderinga av spørsmålet om forvaring, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold, som presiserer at han uttaler seg på generelt grunnlag.

Seinast i fjor vart Yasin Jabr (41) dømt til 21 års forvaring i lagmannsretten, etter å ha køyrd over sambuaren Hanne Kristin Olsen i Olsvik med bil.