Fiskeørna figurerer på Direktoratet for Naturforvaltning si såkalla rødliste over truga dyreartar, og har status som sjeldan i Norge. Fuglearten er også omfatta av fleire internasjonale konvensjonar, og står også på Cites-lista som regulerer handel med truga dyreartar.

Prioritert sak

— Vi etterforskar dette som ei høgt prioritert straffesak, og det er store sjansar for at vi vil krevje fengselstraff for å ta livet av eit slikt dyr, seier politiinspektør Bente Staven ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ifølgje Staven har 44-åringen erkjent å ha skote fiskeørna, men han nektar likevel straffeskuld på grunn av dei spesielle omstenda.

Fuglen vart nemlg felt om bord på eit beredskapsfartøy på Heimdalfeltet i Nordsjøen.

Der hadde den mellomlanda 10. mai i fjor, truleg for å kvile vengene etter eit langt og slitsomt trekk på veg mot nord.

Fiskeørna trekker til Vest-Afrika om vinteren, og dette eksemplaret har truleg vore på veg nordover igjen då den tok den fatale kvilepausen om bord på oljefartyet.

Den sikta 44-åringen har i avhøyr opplyst at ørna vart avliva på ein human måte med skytevåpen.

Ørnefare på feltet

— Då politiet fekk melding om saka, beslutta vi å gjennomføre ransaking heime hjå den mistenkte i Florø. Der fann vi ørna plassert i frysaren, fortel Staven.

Likevel vil ikkje den sikta 44-åringen erkjenne straffeskuld. Han hevdar å ha skote den truga fuglen av tryggleiksgrunnar.

— Han forklarer at han vurderte ørna som ein potensiell fare for helikoptertrafikken på feltet. Han frykta at fuglen kunne komme nær rotoren eller bli sugd inn i motorane, seier Staven.

Etterforskinga mot 44-åringen er ikkje avslutta. Politiet har i dag ikkje noko grunnlag for å seie korvidt mannen hadde til hensikt å selje fuglen vidare på den illegale marknaden.

— Eg kan godt tenke meg at ein slik fugl vil ha ein viss verdi for samlarar, seier Torgeir Nygård, rovfuglforskar hjå Norsk Institutt for Naturforsking i Trondheim.

Uansett: Fiskeørna ligg no trygt forvart i frysaren hjå taksidermist Monicha Landøy i Florø. Den stolte fuglen skal utstoppast, ettersom Kystmuseet i Florø har søkt det kommunale viltfondet om å få overta fuglen. Det har dei fått aksept for, slik at folk flest i framtida kan få studere den spesielle ørna på nært hald.