— Eg ber ikkje om ei einaste krone. Det eg vil er å få ein sjanse. For jentene mine og meg sjølv, seier Masoumeh.

I 1999 tok ho med seg døtrene og flykta frå sin narkomane ektemann. Han var søskenbarnet hennar, og Masoumeh blei pressa av sin eigen familie til å gifte seg med han som 15-åring.

— Mor mi døydde, og far min var gammal. Familien sa eg måtte. Men kva visste eg om ekteskap og menn? Eg var berre 15.

Narkoman

Giftarmålet blei eit mareritt prega av vald. Ektemannen var kriminell, han selde og brukte narkotika. Og skulda Masoumeh for utruskap etter at ho blei kjend med ein annan mann ho blei glad i.

— Han prøvde å ta livet av meg fleire gonger, fortel den iranske kvinna. Ho viser fram synlege merke frå mishandling, arr i hovudbotnen og på armane.

Då ho flykta, gjekk turen til Danmark. Men etter tre år utan svar på søknaden om opphaldsløyve, drog ho vidare til Norge i 2002. Sidan har ho og døtrene, som no er 12 og ni år, budd i Sogn. Den siste tida i lag med sambuar Sardang Mardani. Han flykta frå Iran som 13-åring, har dansk statsborgarskap, men har drive restaurant i Luster i fleire år.

Norske styremakter meiner 28-åringen ikkje fyller retten til opphald.

— Ho har aldri vore politisk aktiv. Vanskane er knytta til ektemannens oppførsel og trugslar, redselen for å miste dei to døtrene, bli straffa for å ha tatt dei ut av landet og frykt for å bli dømd for utruskap, skriv Utlendingsnemnda i sitt avslag. Konklusjonen er at dette ikkje kvalifiserer til å få opphald i Norge.

Får ikkje gifte seg

Masoumeh og Sardang ønskjer å gifte seg, men så lenge Masoumeh ikkje har lovleg opphald kan ho ikkje inngå ekteskap. Og å reise til utlandet for å gjere det, er vanskeleg.

— Dei aller fleste land har dei same reglane som Norge. Utan opphaldsløyve i eit land får ho ikkje gifte seg, opplyser fylkesleiar i Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Tor Bremer, til Bergens Tidende.

Ap-leiaren og fylkesvaraordføraren i Sogn og Fjordane har engasjert seg personleg i saka.

— Du må det når ei slik tragedie kjem inn på kroppen. Eg opplever det som har skjedd i denne saka som eit så graverande tilfelle av urett at det ikkje kan stå upåakta, seier Bremer.

Han viser mellom anna til at Amnesty International har dokumentert ei rekkje tilfelle der både iranske kvinner og menn er blitt steina for utruskap siste tida.

— Den siste utviklinga i landet med valet og det religiøse vaktarrådet som nekta reformvennlege politikarar å stille til val, viser at Iran er eit for ustabilt land til at vi kan sende folk med fare for dødsdom tilbake, meiner Bremer.

Truga

Då Masoumeh flykta, fekk ektemannen innvilga skilsmisse. Likevel har han også i ettertid sett fram trugslar, mellom anna på telefon til Masoumehs søster.

— Kjem eg tilbake til Iran, er det første som skjer at jentene blir tatt frå meg. Deretter kjem eks-mannen min til å overlate meg til styremaktene. Og i Iran er straffa for utruskap steining, seier Masoumeh.

I det konservative muslimske landet gjeld spesielle reglar for dødsdom ved steining. Kvinner skal gravast ned til brystet. Steinane som skal kastast, skal vere store nok til å kunne drepe.

— Kvinner har ingen rettar. Mennene bestemmer alt. Og dei moralske lovene er strenge. Dei seier at når eg er skild, kan eg reise tilbake utan at noko skjer. Det er heilt feil. Dei som seier slikt, kjenner ikkje Iran, seier Masoumeh.

Ho legg ikkje skjul på at ho er skuffa.

— Alle her i området trur på oss, men ikkje norske styremakter. Tenk i alle fall på dei to jentene mine, ber ho.

FÅR IKKJE OPPHALD: Masoumeh og dei to jentene Nazanin (t.v.) og Negar har fått avslag på søknaden om opphaldsløyve. - Må eg reise tilbake, er det første farens familien vil gjere å ta jentene mine frå meg, seier den iranske kvinna. FOTO: TERJE ULVEDAL