Fra å vere fløyparti med tre representantar i bystyret, er SV blitt største partiet i kommunen — med over 20 prosent av røystene bak seg. Læraren Nøringset klarte ikkje å få blund på augene før han gjekk på jobb som vanleg i går.

Ikkje som Friele

— Eg kan ikkje tenke meg å vere ein ordførar-figur ala Friele. For meg er det viktigaste kva vi kan oppnå politisk med dette fantastiske resultatet, seier SV-toppen til Bergens Tidende.

Så små er denne mannens ordførar-ambisjonar at ein nesten kan mistenke han for å ønske seg ned igjen til, tja, for eksempel rundt 14 behagelege prosent. Men fasiten seier 20,7 SV-prosent, anten Nøringset vil eller ei.

— Med eit slikt resultat følgjer forventningar, og det blir fallhøgd, seier Nøringset, som frå sine to periodar i Førde-politikken har mest erfaring som outsider. No vil han samrå seg med den fordobla bystyregruppa si, deretter gå i forhandlingar om posisjonane med dei andre partia. I miljøet er Nøringset og Senterpartiets Nils Gjerland trekkt fram som heitaste kandidatane til toppvervet i kommunen.

— Eg er innstilt på å gå for det som gjev oss best politisk utteljing. Eg er ikkje ute etter nokon spesiell posisjon for meg sjølv. Å være ein gallionsfigur utan særleg makt og innflytelse er heilt uinteressant for meg. Men ser eg at vi må ta klubba, så gjer eg det.

Ungdom

Nøringset er klasseforstandar for ein tiandeklasse ved Førde ungdomsskule. Desse elevane har han følgt gjennom meir enn to år, og er nok ein grunn til at han er skeptisk til å bli politikar på full tid. På fylkestinget, der han også er attvald, sit han i kulturutvalet. Han er dessutan første vara for Heidi Grande Røys på Stortinget.

Kultur, miljø og ungdom er dei politiske stikkorda for Nøringset.

Personval

SV-suksessen i Førde har langt på veg blitt forklart med at Arbeidarparti-folk har opptredd ekstraordinært klossete framfor valet. Og SV sin generelle, rikspolitiske medvind.

Val-ekspert Knut Henning Grepstad meiner det også ligg meir bak.

— Det er blitt meir personval enn tidlegare, folk vurderer meir kandidatane enn partia. Og når Ap sin profilerte ordførar gjennom 16 år gjekk av, oppstod eit vakum. Og velgarane fann dei mest truverdige kandidatane hjå andre parti, pluss at Ap også opplever ein slags regime-trøttleik etter 16 år i ordførarstolen, seier Grepstad.

Men om Nøringset no grip sjansen til å bli historisk som første SV-ordførar i Sogn og Fjordane, står att å sjå.

— Vi har trass alt ikkje meir enn 20 prosent, og kan ikkje styre aleine. Vi må samarbeide med andre, seier Nøringset.

KOM BRÅTT PÅ: At han kunne bli ordførar i Førde var noko Norvall Nøringset fleipa med på heimebane Men no kan han likevel bli historisk som SV-ordførar, etter eit lokalpolitisk jordskjelv i Førde. Men Nøringset er slett ikkje sikker på om han vil.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH