— Det er sjølvsagt flott at for eksempel Bergen Kino godtek ledsagerbeviset. Men det hjelp ikkje mykje når ein bur i Fana, eller i Voss for den saks skuld, seier ein oppskjørta fylkessekretær i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon i Hordaland, Jens Olav Johannessen. Han er sjølv svaksynt, og skulle gjerne hatt tilgang på kulturtilboda.

— Ein må kome seg til og frå, og då er det naudsynt med ein ledsager for å kunne finne fram, held han fram. I Hordaland finst 49 organisasjonar med til saman 28.000 medlemmer. Ei rekkje av desse har behov for ledsager på kollektivreiser.

Ordninga med ledsagerbevis er meint å vere eit verkemiddel for å førebyggje isolasjon og auke livskvaliteten for den funksjonshemma.

Ledsagerbeviset blir skrive ut av kommunane, og skal gi den funksjonshemma sin ledsager fri tilgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement og offentlege transportmidlar som den funksjonshemma ikkje ville kunne delta i eller ta nytte av utan bistand.

Men verken HSD eller GAIA vil godta ledsagerbeviset på sine reiser, dei føl takstdirektiv frå fylkeskommunen om at berre døvblinde skal ha dette tilbodet på kollektivreiser.

— Vi føl statlege retningslinjer om rabattordningar. Å utvide tilbodet til å gjelde ledsagerbevis har ikkje vore noko tema, seier nestleiar i samferdsleavdelinga i Hordaland fylkeskommune, Rolf Rosenlund.

I andre fylke har dei ei anna oppfatting. Dette medfører at ein ledsager kan følgje gratis kollektivtransport frå Rogaland, han må betale for reisa i det han kryssar fylkesgrensa inn i Hordaland, før han igjen får følgje gratis i Sogn & Fjordane.