— Nå må ingen rope for høgt. Hesten kan bli skremt! formaner mor Mariola Mortensen. Gjestene er på plass, det norske flagget vaiar over Fanabygda og sjampanjen er skjenkt i glasa. Nå ventar alle på hovudpersonen, Ella Marina. Ho er på badet, for skifte frå den fargerike polske folkedrakta ho brukte i Grieghallen tidlegare på dagen til ein brurekjole som passar betre på hesteryggen.

14-åringen var ein av dei 501 ungdommane som laurdag og søndag vert borgarleg konfirmert i Bergen.

— Ein fantastisk dag, sa Mortensen etter samlinga i Grieghallen. NRK-profilen Selda Ekiz heldt festtalen, med ei liste med tips om korleis å bli ein bra vaksen.

Minst fem kaker

— Det er herleg å kjenne på at eg har gjennomført dette, seier konfirmant Ella Marina. Gjennom ti veker har ho møtt jamaldrande til diskusjonar om etikk, empati, kritisk tenking, menneskerettar og andre emne. Men laurdag var det berre fest.

Tobias Boye (14) var ein av dei som tok imot diplomet i ny dress og blankpussa sko framfor ein fullsett sal.

— Seremonien var kjempefin. Og Selda Ekiz var flink, seier Boye.

— Kvifor valde du borgarleg konfirmasjon?

— Eg er eigentleg ikkje særleg kristen. Og kurset var veldig interessant, så det var fint.

I Møllendalsbakken venta festbordet på eit trettitals gjestar.

— Vi skal ha minst fem kaker, trur eg. I alle fall oriokake og sjokoladekake, seier 14-åringen.

Diadem og høge hælar

På Rambergstunet i Fana gjer Ella Marina endeleg entre på den blankpussa frieserhoppa si, Troja, med kjole, diadem og høge hælar.

Med polsk mor med katolsk bakgrunn og norsk far vart ho protestantisk døypt. Den første nattverden - for katolikkar ei stor hending - fekk ho i St. Pauls som åtteåring. Konfirmasjonen fekk ho velje sjølv.

— Eg trur ikkje på Gud. Eg trur på naturfaga og vitskapen. Difor vart det borgarleg. Og både eg og systrene mine er hestegale, så det er fantastisk å få ri Troja på ein dag som denne, seier 14-åringen.

OPPVARMING: Storesyster Ann Marielle Lipinska Lekven (24) - kjent frå vinterens «Paradise Hotel» - varma opp frieserhoppa Troja før dagens hovudperson, konfirmanten Ella Marina, tok over taumane.
Rune Sævig