I eit innlegg i Haugesunds Avis 4.8.07 prøver stortingsrepresentant Øyvind Halleraker å føre opinionen bak lyset. Han framstiller den såkalla "høyhastighetsringen" som om det var eit fantastisk prosjekt. Diverre er "ringen" ikkje ein gong eit prosjekt. Det er berre ei skisse til lineføring.

Atten månader etter lanseringa har initiativtakarane framleis ikkje byrja på dei mest elementære delane av leksa si. Ikkje har dei granska framtidig togtrafikk, ei heller har dei brydd seg om å finne løysingar der nytten overgår kostnadene. I staden har dei laga ruteplanar med overoptimistiske køyretider for tog som for ein stor del aldri vil bli køyrt, av mangel på kundar. Halleraker sine påstandar om uslåelege reisetilbod, miljøvinstar og overskotsdrift er diverre rein ønskjetenking. Klokkartru kan ikkje erstatte kompetanse og dokumentasjon.

Eit politisk prosjekt Det heile byrja i mars 2006. Halleraker syntest det hadde vore kjekt med ein høgfartsbane Bergen ¿ Stavanger, med stasjon nær heimstaden på Bømlo. Som eit politisk utspel var dette ei fair sak. Som utgangspunkt for å utvikle eit prosjekt, var det derimot ubrukeleg. Ein kan ikkje byrje med fasiten, og utvikle grunngjevinga etterpå. Men Halleraker er politikar.

Han såg at Norsk Bane AS hadde bygt opp eit breitt politisk engasjement for høgfartsbaner. Det kunne han surfe på. Han trengte berre ein idé som appellerte til partifelle i mange fylke. Høgfartsskissa Bergen ¿ Stavanger blei difor kombinert med Bergen ¿ Geilo ¿ Oslo og Stavanger ¿ Kristiansand ¿ Oslo til "Den sørnorske Høyhastighetsringen". Få månader seinare bad seks Stortingsrepresentantar frå Høgre om ei utgreiing. "Ringen" var blitt ein politisk realitet ¿ men framleis berre ein sirkel på eit kart.

Kortaste veg mellom to punkt?

Ein sirkel er ikkje akkurat den kortaste vegen mellom to punkt. Samanlikna med distansen via Haukeli blir t.d. Oslo ¿ Stavanger via Sørlandet knapt 100 km lengre, og Oslo ¿ Haugesund over 150 km lengre. "Ringen" vil altså føre til unødig stort energibruk, unødig høge frakt— og billettprisar og ei vanskeleg tevling mot flytrafikken. Sjølv ved få opphald undervegs vil Oslo ¿ Stavanger ta over tre togtimar, og Oslo ¿ Haugesund endå meir.

Travle reisande vil framleis ha fly som førsteval. På sambanda Stockholm ¿ Gøteborg og København ¿ Århus reiser t.d. om lag like mange med fly som med tog, trass i tre timars togreisetid. Det tilseier langt færre togavgangar Rogaland ¿ Oslo enn Halleraker propaganderer, og klårt dårlegare økonomi, klimaeffekt og samfunnsnytte.

Trugsmål mot Bergensbanen

Noko av det same gjeld for strekninga Bergen ¿ Oslo. Som også initiativtakarane bak "ringen" er innforstått med, ville ein ny bane Voss ¿ Finse bli alt for bratt. Den einast tenkjelege lineføringa i dette området går frå Voss til Geilo, langt frå eksisterande bane via Mjølfjell, Myrdal (knutepunktet med Flåmsbana) og Finse.

Ein har difor berre to val: anten må høgfartsbanen Bergen ¿ Oslo gå langt frå Bergensbanen, t.d. via Haukeli. Slik vil ein kunne vidareutvikle Bergensbanen sitt store regionale trafikkgrunnlag og samstundes binde strekninga inn i eit nasjonalt høgfartsnett, med auka trafikk på Bergensbanen til følgje. Eller ein let høgfartsbanen Bergen ¿ Oslo gå via Voss og Geilo, slik "ringen" legg opp til. Det ville føre til at eksisterande trasé via Mjølfjell, Myrdal og Finse blir lagt ned eller i det minste vinterstengt. Kostnadene til å drifte sporet ville ikkje stå ikkje i høve til trafikktapet ein kunne ha unngått.

Men initiativtakarane bak "ringen" bryr seg ikkje om slikt. Dei legg opp til full drift på både gamal og ny bane. I tillegg vil dei byggje ein ny bane gjennom Numedalen og samstundes drifte eksisterande spor gjennom Hallingdalen ¿ for regionaltog og godstog. Dette er å kaste blår i augo på folk. "Ringen" vil rasere mesteparten av Bergensbanen. Regionaltoga vil ikkje ha nok trafikk for å bli køyrt.

Og godstoga vil vere langt rimelegare i drift om ein køyrer dei på nye spor, pga. slake stigningar, rommelege tunnelar, høge aksellastgrenser, m.m.

I tillegg finst det ei rad med andre alvorlege innvendingar mot "ringen". Alle seriøse framlegg til høgfartsprosjekt føreset at togdrifta må gje overskot som står i eit rimeleg høve til investeringane. Initiativtakarane bak "ringen" blåser derimot av økonomiske realitetar. Slik blir det når ein byrjar med konklusjonen.

Jørg Westermann, dagleg leiar Norsk Bane AS

Bergens Tidende