Kunstnarar tilslutta Nordisk Kunstsenter i Fjaler står bak prosjektet som skal plasserast på Bergskletten over Dale sentrum.

Ved å ringja eit telefonnummer kan du kringkasta stemma di over fjellet og dalen.

— Alle som har nummeret og telefon, kan ringja, seier den eine av kunstnarane bak telemegafonen, svensken Erik Sandelin.

Internasjonal bygd

Han vitja Fjaler i fjor og blei slått av kor internasjonal kommunen framsto. Han og Magnus Torstensson fekk ideen om å la heile verda få kontakta den vesle plassen mellom fjella.

— Dei har International World College, og i talane på 17. mai hugsar dei på utflytta bygdefolk. Dale vil vera ein plass som ønskjer deg velkomen. Med telemegafonen vil dei merka at verda kan bryta inn, seier Sandelin.

Testar volumet

Dei har fått avtale med grunneigaren, og laurdag skal megafonen avdukast. Då vil òg nummeret til megafonen bli lagd ut på kunstnarane sine nettsider. Sandelin lovar at Dale ikkje skal druknast i lyd.

— Vi må testa volumet og finna ein lydstyrke som fungerer for alle. Det er ikkje meininga at vi skal vekkja heile bygda, men kanskje skal ein ana lyden der nede, seier Sandelin.

Elisabet Gunnarsdóttir ved Nordisk Kunstsenter seier dei hadde håpa å ha installasjonen ståande i ti veker.

— Men før hjortejakta er det slutt. Vi stengjer megafonen 6. september. Vi kan ikkje forstyrra hjorten, seier ho.

Har du noko du vil fortelja sunnfjordingar og andre? Bruk bt.nos skrift-megafon her!