Lite tyder på at dei mange kreditorane etter konkursen hos spelebutikken Joker Hop vil få att pengane sine. Den første gjennomgangen av reknskapspapira viser at aksjeselskapet har ei gjeld på ca. 4,5 millionar kroner, og at verdiane i buet er minimale.

Ein mann som derimot fekk ut pengar frå selskapet i tida før konkursen, var eineaksjonær og dagleg leiar Thor Solheim. Den ureviderte 2000-reknskapen for Opal Mat Hop Solheim T AS viser at han har lånt nærare to millionar kroner frå sitt eige aksjeselskap.

Seier han har betalt

Eit så stort aksjonærlån er i strid med aksjonærlova, og kan straffast med bøter eller fengsel i inntil eitt år. Dersom Solheim med det lovstridige lånet har svekka stillinga til kreditorane, kan også straffelova bli brukt mot han.

— Solheim hevdar sjølv at han har betalt attende store delar av lånet. Men eg har hittil ikkje fått nokon dokumentasjon som tyder på det, seier bustyrar Arne V. Njøten, som vil sende saka over til politiet dersom han kjem over straffbare forhold i gjennomgangen av buet.

Solheims advokat vil ikkje kommentere låneopptaket, eller om Solheim er i stand til å betale attende det han skuldar.

— Vi ønskjer ikkje uttale oss, det er bustyret som har saka no, seier advokat Erik Mjell.

Knekt av kredittspel

Joker Hop var landets største Rikstoto-kommisjonær i fjor, og omsette hestespel for mellom 25 og 30 millionar kroner, ifølgje Thor Solheim sjølv. Bergens Tidende dokumenterte i sommar korleis den blomstrande og høgt profilerte spelegeskjeften i realiteten var på konkursens rand.

Solheim hadde latt storgamblarar spele på kreditt i stor stil, stikk i strid med regelverket. Ikkje alle greidde å gjere opp for seg. Resultatet var milliongjeld til Norsk Rikstoto – eit uføre Norsk Rikstoto prøvde å kome ut av ved å inngå ein hemmeleg gjeldsavtale med Solheim.

Planen mislykkast totalt. Gjelda vart for stor, og i august stengde Joker Hop dørene og gjekk til skifteretten.

Vurderer å gå til politiet

Norsk Rikstoto er største kreditor i buet, og har ifølgje administrerande direktør Erik Mietle til gode snautt to millionar kroner. Dette er pengar det har vorte spelt for på Joker Hop, men som ikkje har vorte overført til kontoen hos Norsk Rikstoto slik reglane tilseier.

Også Norsk Tipping er kreditor. Dei har meldt eit krav på nærare 600.000 kroner.

Norsk Rikstoto vurderer å melde Solheim til politiet for underslag etter konkursen.

— Pengane vi har til gode er midlar som hestesporten skulle hatt. Vi ser svært alvorleg på det som har hendt, og det er ikkje tvil om at vi kan melde kommisjonærar for underslag i slike saker, seier Rikstoto-direktør Erik Mietle.

Spørsmålet om dei skal gå til politiet vil bli avgjort på eit styremøte i midten av månaden.

STØRST: Joker Hop var landets største Rikstoto-kommisjonær i fjor, og omsette hestespel for mellom 25 og 30 millionar kroner.
ARKIVFOTO