Fusa var seint ute med å få rikstelefonstasjonar, og dei første stasjonane vart til på initiativ utanfrå. I 1896 melde Telegrafinspektøren til Fuse herredsstyre at ein planla å forlenga telefonlinja Skånevik-Sunde-Rosendal til Bergen gjennom Fusa herad.

Fusapolitikarane vart spurde om dei ønskte at det vart oppretta telefonstasjonar i heradet, og eventuelt kvar. Heradsstyret tilrådde at sentralstasjonen skulle liggja i Eikelandsosen, at linja skulle førast forbi Holdhus, og at det skulle leggjast sidelinjer til Fusa, Strandvik, Sævareid og handelsstaden Samnøen .

Gratis stasjonshald

I år 1900 vart det lagt ut sjøkabel mellom Hatvik og Venjaneset. Hotelleigar Sverke N. Vindenes kasta seg òg inn i konkurransen om å få telefonsamband. Han fekk hindra at linja mellom Fusa og Strandvik vart lagt over Fusafjellet, og slik fekk også Vinnesbygda telefon . Dermed kunne sju rikstelefonstasjonar opnast i Fusa 25. februar 1901.

Seinare kom nye til på initiativ frå bygdefolk, til saman 16 stader i Fusa. Heradsstyret måtte garantera for fritt stasjonshald i 10 år. Det omfatta tilfredsstillande lokale, ljos, brensel, reinhald, bodteneste og betjening godkjend av telegrafstyrelsen. Dessutan garanterte dei for fri grunn og skogrydding for sløyfelinja frå hovudlinja til stasjonen.

Karamellar for telefonmeldingar

I starten var det nesten ingen som hadde privattelefonar. Når det var telefon til nokon, måtte dei hentast til telefonstasjonen. Meldingane kunne òg skrivast sirleg ned på lappar som vart leverte rundt på bygdene. Mang ei småjente og mang ein smågut kappast om å få gå med telefonbod til kundane. ”Løna var karamellar, og da syntest me var storarta!” minnest Einar (f. 1920) frå Baldersheim.

Sjølvstendig næringsdrivande

I 1936 var det berre 91 telefonabonnentar i Fusa, syner telefonkatalogen . Ved tusenårsskiftet var det 1922 telefonabonnentar i Fusa. Dei første telefoneigarane var dei som på eit eller anna vis var sjølvstendig næringsdrivande: handelsmenn, bakarar, bøkkarar, slike som dreiv skysstrafikk og fraktefart til sjøs og til lands, notbasar, fabrikkar og fabrikkstyrarar, banken og postopnarane. I tillegg kom dei offentleg tilsette jordmødrene, nokre lærarar, trygdekassen, lensmannen, soknepresten og distriktslegen – og ein og annan gardbrukar som gjerne var med i styre og stell.

Familiebedrifter

Telefonstasjonane vart små familiebedrifter, og styrarstillinga vart ofte verande innan familien. Slik var det til dømes i Eikelandsosen, der fotograf Ole Samnøen var den første telefonstyraren, og dottera Anna Ferkingstad tok over i 1949. Det hadde sine heilt naturlege forklaringar. For det første heldt telefonstasjonane som regel til heime i bustadhuset til styraren. For det andre hadde barna til telefonstyraren vokse opp med telefonen, og kanskje stått for vel så mykje av det daglege arbeidet med den som styraren sjølv.

Automatisering

Privattelefonen vart ikkje allemannseige før frå 1950-60-talet. ”Da var no eit veldig gode!” seier folk om framsteget då dei fekk telefonapparat i heimane. ”Men me ringde ikkje unødvendig! Da var viktige ting!” Første tida måtte telefonsamtalane bestillast gjennom telefonstasjonen, men frå 1960-åra vart telefonen automatisert. Dermed vart det slutt på rikstelefonstasjonane i fusabygdene.

Opplysningsteneste og sosialhjelp

Telefonstasjonen i Eikelandsosen var den siste i Fusa. I 1980 var det slutt også for den. Sentralbordet og dei 11 kvinnene der vart kopla ut for godt, og telefonane kopla om til den nye automatiske telesentralen ved Koldalselva. Dette innebar ikkje berre ei teknisk endring for folk. Telefondamene hadde både vorte nytta som opplysningsteneste, og i seine kveldstimar også som sosialarbeidarar for einsame telefonabonnentar.

Framleis står mange av telefonstasjonsbygningane att i fusabygdene – kulturminne som vitnar om farne tider.

PÅ TRÅDEN: Anna Marta Samnøen på telefonstasjonen i Eikelandsosen rundt 1920. Mannen Ole O. Samnøen var både telefonstyrar og fotograf.
LAF
SVEIV: Hustelefon med sveiv hjå telefonstyrar Ragnhild Samnøen (f. Røssland 1915) på Fusa.
TELEFONSTASJON: Dette huset på garden Årra hyste postkontoret 1896-1972 og rikstelefonstasjonen i Øvre Hålandsdalen 1934-1960. Telefonskiltet heng framleis på veggen.
EMBV