JOHN LINDEBOTTEN

Men det er berre det som manglar i den særs kritiske fråsegna om Hardangerbrua som Riksantikvaren sende frå seg kort tid før jul.

Det er uvisst korleis denne fråsegna vil verka inn på Stortinget si handsaming av Hardangerbrua, når eller dersom brua kjem fram til Stortinget i vår.

«Dominerende»

«Hengebrua er et landskapsinngrep med uheldige virkninger. De store dimensjonene vil virke dominerende og svært uproposjonert i forhold til småskalalandskapet langs land. Brua vil være synlig i en avstand på flere mil i begge retninger. Den vil sågar, ifølge landskapsanalysen, være synlig fra det verdifulle klyngetunet på Aga langt inne i Sørfjorden», skriv Riksantikvaren i si fråsegn, som er underteikna av seksjonssjef Ingrid Smedstad og Kjersti Randers.

I fråsegna vert Hardangerbrua også omtala som eit uheldig tiltak i ein fjord som «kan karakteriseres som et av våre nasjonalklenodier».

Betre enn før

Riksantikvaren skriv likevel at «dette forhold ikke er tilstrekkelig til å gå imot planen på rent kulturminnefaglig grunnlag». Han skriv og i fråsegna at dei nye bruplanane er betre enn dei gamle frå rundt 1990. Det vert m.a. drege fram som positivt at dei nye bruplanane går i land på nordsida vest for tunet på garden Vallavik, i staden for rett gjennom, slik det var før. Riksantikvaren er og glad for at det ikkje vert ny veg frå brua langs fjorden mot Brimnes, men at vegen i staden går rett inn i ein tunnel.

Planane om Hardangerbrua er no komne attende til Statens vegvesen Region vest, etter at dei i heile haust har gått gjennom dei politiske rundane i Ullensvang, Ulvik, Eidfjord og i Hordaland fylkesting. Fylkestinget godkjende finansieringsplanen før jul med bompengar i opptil 17,5 år.

Mindre trafikk

Det som skjer frå no av og framover, er at Statens vegvesen går gjennom økonomien i prosjektet på nytt. Det vert gjort gjennom ei ekstern vurdering av kostnadstala for brua og for trafikkprognosane. I eit notat til fylkestinget gjorde regionvegsjef Ole Chr. Torpp særleg merksam på uvissa som rår om Jondalstunnelen sin innverknad på trafikken over Hardangerbrua. Det vart og kjend før fylkestinget at trafikkprognosane måtte justerast ned. Ei grundig intervjuundersøking på fjellovergangane mellom aust og vest sist sommar og i haust hadde synt at overføringa av trafikk til Hardangerbrua ikkje ville verta så stor som ein hadde tenkt.

Jakt på låg rente

Samstundes med finrekningar på alle kostnadstal, førebur Hardangerbrua AS låneopptak av 1.300 millionar kroner på vegner av eigarkommunane. Fylkestinget vedtok før jul å garantera for eit slikt lån.

-Vi har alt merka stor interesse frå store bankar og finansieringsinstitusjonar. Utfordringa vår ligg i å få så gunstig rente som råd. Vegdirektoratet går i utgangspunktet ut frå ei rente på 6,5 prosent, men er vi heldige, kan vi få lån heilt ned til 4,5 prosent rente, seier styreleiar i Hardangerbrua AS, Einar Lutro, til Bergens Tidende.

DOMINERENDE: De store dimensjonene vil virke dominerende og svært uproposjonert i forholdet til landskapet langs land, mener Riksantikvaren. <p/>ILL. HARDANGERBRUA AS.