Saka handla i utgangspunktet om påstand frå ei ung kvinne om å ha blitt utsett for «daglege valdtekter frå ho var sju til ho var 34 år» av den eldre broren, Geir Sælevik (biletet) frå Fitjar.

Etter to års etterforsking la statsadvokaten saka vekk «etter bevisets stilling». Fem år seinare omgjorde riksadvokaten denne avgjerda og la saka vekk som «intet straffbart forhold».

Omfattande kritikk

Sivilombodsmannen, som er Stortinget sitt kontrollorgan, har gjennomgått saka og nå rapportert til Stortinget gjennom ei særskilt melding. Meldinga er eineståande i sitt slag.

Ombodsmannen konkluderer med at saksbehandlinga i politi og påtalemakt har vore kritikkverdig på ei rad punkt.

Kritikken gjeld sein saksbehandling, manglande svar på førespurnader, at politiet har late vere å registrere og etterforske ei sak som var meldt til politiet, mangelfull journalføring og mangelfull dokumentstyring. Dessutan var det kritikkverdig at ein etterforskar vurderte sanningsverdien til kvinna som melde broren til politiet for valdsbruk og valdtekt.

Eit viktig punkt i kritikken gjeld at relevante dokument i saka dels har «forsvunne», ikkje er blitt lagt inn i saka og/eller ikkje let seg etterspore utan at det kan gjevast noka forklaring.

Alt dette har gått ut over Geir Sælevik, som vart skulda for valdtekt. Han har påstått at dette må ha skjedd med overlegg og at det her handlar om dokumentmanipulering.

Sivilombodsmannen meiner at manglane ved etterforskinga kan ha medverka til at saka er blitt unødig tyngjande for Sælevik og gjennom det også for ektefellen hans.

«Nedslående eksempel»

Riksadvokaten har tidlegare kome med kvass kritikk i tråd med det Sivilombodsmannen nå slår ned på.

Riksadvokaten uttala i mai 2001 at saka er «et nedslående eksempel på uheldig og kritikkverdig saksbehandling i politiet og påtalemakta».

Ombodsmannen kritiserer Riksadvokaten for å ha hatt mangelfulle rutinar for å fange opp saker som dreg ut i tid. Han meiner også at Riksadvokaten burde ha gjort uttrykkeleg greie for sitt syn på kva som konkret var kritikkverdig ved saksbehandlinga i politi og påtalemakt.

Riksadvokat Tor Aksel Busch seier til Bergens Tidende at han registrerer at kritikken frå Sivilombodsmannen er i tråd med den kritikken han sjølv for fleire år sidan kom med. Når det gjeld rutinane ved riksadvokatembetet, er dei lagt om for å fange opp slike forhold for lang tid sidan, seier Busch.

Vil «ta» Dørum

— Det er gledeleg at det gjennom ombodsmannen si melding er manifestert at det manglar dokument i saka av materiell verdi som kunne ha hatt innverknad på dei ulike rettsavgjerdene i denne saka, seier Geir Sælevik i ein kommentar til Bergens Tidende. Han legg til at han dessutan meiner at tidlegare justisminister Odd Einar Dørum har brote opplysningsplikta overfor Stortinget gjennom dei svara han har gjeve i denne saka. Han meiner det utløyser konstitusjonelt ansvar.

Han ønskjer å forfylgje desse synspunkta overfor kontrollkomiteen på Stortinget.

Dørum seier til Bergens Tidende at dei svara han har gjeve Stortinget, kom etter grundig gjennomgang av saka i departementet og er basert på den kunnskapen departementet hadde om saka. Ut over det har han ingen kommentarar.