• Amelia Riis er offer for ein stor konspirasjon, hevdar jusprofessor Edvard Vogt. Reiardottera krev ikkje mindre enn fem milliardar kroner i erstatning.

Edvard Vogt ved Universitetet i Bergen er mannen som skal hjelpe henne med å drive inn det ikkje akkurat beskjedne beløpet. Pengane skal vere oppgjer for skipet M/S «Sognefjell», som Riis meiner vart stole frå henne i 1975. Verdien den gongen var 14 millionar US dollar. Med renters rente blir det i dag ein stad mellom fire og fem milliardar norske kroner, har Riis rekna ut.

Ekteparet Riis fekk i går utsett ankesaka mot konkursbuet etter Hilmar Reksten til 26. august, fordi Riis denne veka ikkje greidde å stille med advokat.

— Historias mest kompliserte

No har jusprofessor Edvard Vogt tatt på seg å gjere advokatjobben for dei. Med seg får han jusstudenten Herman Berge, som har skrive hovudoppgåve om Riis-parets lange kamp.

Vogt la breisida til då han argumenterte for utsetjing i retten:

— Dette er kanskje det mest kompliserte saksforholdet som nokon gong har vore ført for ein norsk rett, sa professoren.

Han karakteriserte pantsettinga av Riis sitt skip M/S «Sognefjell» i 1975 som «ein uhyre merkeleg og komplisert transaksjon». Bak denne transaksjonen og det som hende i kjølvatnet stod ifølgje Vogt både DnC (nå DnB), Hambro's Bank i London, fleire reiarlag, Reksten-buet og den norske stat.

— Det var det som kan kallast ein konspirasjon, konstaterte Vogt. Han la vekt på at Riis-saka til dels også er ei sak mot heile det norske rettssystemet, og difor har krav på grundig handsaming.

Påstand om forelding

Reksten-buet hevdar at kravet frå ekteparet Riis er forelda for lenge sidan.

— Kravet mot Reksten-buet vart først sett fram i 1998 - mange, mange år etter at uretten skal ha vorte begått. Foreldingsfristen den gong var ti år, seier advokat Karstein J. Espelid. Uansett har Reksten-buet berre 140 millionar kroner.

Resten av milliardane vil pensjonistparet Riis presse ut gjennom ei rekkje andre rettssaker:

I oktober tørnar ekteparet saman med reiarlaget Falkefjell i retten - eit selskap kontrollert av Amelias bror Kristoffer jr. og Ugelstad-familien. I ei anna sak er Finansdepartementet motpart. Felles for sakene er at Amelia Riis meiner dei saksøkte var aktivt med i konspirasjonen for å ta frå henne farsarven.

FELLES FRONT: Jusprofessor Edvard Vogt (nr. to fra venstre) vil kjempe i retten for at Amelia Riis (72) og ektemannen Einar (79) skal få Amelias rettmessige farsarv.
Foto: Ørjan Deisz