— Studieretningar som media og kommunikasjon; musikk, dans og drama; idrett; mekaniske fag og helse- og sosialfag har alle meir enn ti prosent auke i høve til søknadene i fjor, seier informasjonsrådgjevar Kari Anne Kvarving i Utdanningsdirektoratet til Bergens Tidende.

Allmenn billegast

Direktoratet har no statistikken klar, men det vil framleis gå eit par veker før elevane får vita kva dei kjem inn på.

— Mange vil nok bli skuffa over at dei ikkje når fram med førstevalet sitt, seier Kvarving.

For å koma inn på dei mest ettertrakta studieretningane, trengst gode karakterar frå ungdomsskulen.

— Er løysinga å oppretta fleire klassar i populære studieretningar?

— Fylkeskommunane har såpass stram økonomi at dei kvir seg på det. Ein skuleklasse på allmenn er mykje billegare enn til dømes ein klasse på musikklina, seier Kvarving.

Lovpålagt

Men sjefen på inntakskontoret i Hordaland, Nils Skavhellen, påpeikar at lova i somme tilfelle kan påby fylka å oppretta populære klassar.

— Alle elevane har krav på å få oppfylt eitt av tre ønskje. Står ikkje allmenn på ynskjelista, kan dei ikkje tilbydast ein plass der, påpeikar han.

Men til no har Hordaland greidd seg utan store problem. Når ein bergenselev får tilbod om plass på musikklina i Odda, som tilfredsstiller krava i lova, vil han gjerne velja allmenn i Bergen frivillig.

Til hausten har Hordaland seks grunnfag-klassar i media og kommunikasjon, fordelt på Årstad, Garnes, Voss og Stord. Sogn og Fjordane har tre klassar, på Sandane, i Jølster og Sogndal. Idrettsline finst på Sund, U. Phil, Voss, Odda, Stord, Sogndal, Flora, Sandane og Stryn. Langhaugen har to klasser musikk, dans, drama, medan Fyllingsdalen, Voss, Stord og Sandane har ein klasse kvar.

Jente- og gutefag

Helse- og sosialfag er typiske jentefag, medan gutane dominerer mekanikken. Hestefag har fanga interessa til jenter med skyhøge karakterar. Hestekarane har store vanskar med å nå opp.

Av 311 ulike kurs på dei tre årstrinna i vidaregånde skule, er 31 reine jentegreier. Ikkje en einaste gut i landet har søkt. 45 kurs har meir enn 90 prosent jenter i søkjarmassen. Gutane bryr seg døyten om fotterapi, gullsmedfaget, bunadssying og glassliping. Sjølv oppmodinga «Skomakar. bli ved din leist» må gå til ei jente, som har søkt VK2 skomakarfag.

På den andre sida har jentene null interesse for skogsarbeid, forskaling, tunnelsprenging, stillasbyggjing, avionikk, sykkelreparasjon, børsemakarfaget eller pianostemming. 76 kurs er berre søkt av gutar, 72 har meir enn 90 prosent gutesøkjarar.

Fleire ungdommar

Aukande årskull krev plass til 500 fleire elevar i Hordaland i år enn i fjor. Dette fylket får aukande årskull heilt til 2008-2009, medan det på landsbasis «flatar ut» to år tidlegare. Nye skular i Olsvik (Bergen Vest) i 2006 og på Sørås (Fana) i 2008 kjem godt med, seier Skavhellen.

Talet på 16-åringar i Noreg har auka sidan 1999, og vil passera 63.000 i 2006. I perioden 1987 - 1999 minka årskulla frå rundt 70.000 til under 54.000.

I år er det nesten 60.000 nordmenn som fyller 16 år, og 53.409 av dei har søkt plass på grunnkurs (1. klasse). 571 er alt klare til å ta fatt på andreklassen.