EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no Dataraidet ramma ikkje berre kommunetoppane: 15 datamaskiner var forsvunne då dei første tilsette kom på arbeid måndag morgon. Dermed sat over halvparten av dei 29 tilsette på kommunehuset på Manger utan arbeidsreiskap.— Det er ille. Vi blir sjølvsagt hemma av slikt, det er heilt opplagt, seier ordførar Olav Steinar Namtvedt. Sjølv meiner han å ha lagra dokumenta sine på diskettar, slik at det meste er berga sjølv om maskina er borte.Tjuvane har berre tatt sjølve maskinene, ikkje tastatur eller skjermar. Berre det nyaste utstyret er forsvunne - ein del var enno ikkje tatt i bruk, og stod i kasser fortsatt, så dei har truleg visst kva dei var ute etter, seier dataansvarleg Harald Stanghelle. Han meiner det er forsvunne verdiar for ca. 300.000 kroner.Stanghelle trur ikkje radøyværingane treng frykte at personlege opplysingar no er på avvegar.- All informasjon som har med kommunen å gjera skal lagrast på ein servar. Denne har tjuvane ikkje funne fram til. Rundt om på kvar enkelt arbeidsstasjon skal det berre finnast private saker, seier Stanghelle. Det var ingen teikn på innbrot, og politiet meiner tjuvane må ha gøymt seg inne i huset etter at Bygdekinoen viste "Cast Away" i kommunehuset søndag kveld. Politiet vil gjerne snakke med alle som har sett noko i området seint på kvelden eller natt til måndag.- Tjuvane må ha hatt bil for å frakte vekk varene, og vi trur dei må ha vore fleire om innbrotet, seier lensmannsbetjent Sigmund Erstad. Tjuvane har truleg kome seg ut av huset ved bryte seg inn i ein gang og låse seg ut ei kjellardør.Same natt var det også innbrot hos fiskeribedrifta Iglo Manger. Der var ingenting rørt, men politiet ser ikkje bort frå at det kan ha vore dei same folka som har vore på ferde, utan å finne interessant datautstyr i produksjonslokala.