Den herlege revygjengen i Voss BU har no drive på i månadsvis for å gjera ” Me har ikkje gått i hi – BU-revyen 09 ” til ein like stor suksess som våre tidlegare scenesprell!

Nye og gamle fjes skal nok ein gong få briljera på scena i ungdomshusa i bygda, og dette er utvilsamt eitt av årets høgdepunkt, som du ikkje kan gå glipp av! Me kan garantera overraskingar, gjensyn med gamle karakterar, energi og hardtrening for lattermusklane, det heile toppa med musikk av Moonshine.

Premieren brakar laus 28. mars, og då me ikkje sel billettar på førehand kan det vera lurt å stilla opp i god tid. Dans vert det etter revyen både på premieren og laurdagen etter på Bulken, so det vert gode sjansar for å trimma rockefoten til påske!

Sjåast på revy!

Framsyningar:

28. mars 09 kl 20.00 Hovdatun

29. mars 09 kl 16.00 Hovdatun

3. april 09 kl 20.00 Solheim

4. april 09 kl 20.00 Bulken