Ei kvinne som støytte på den godt vaksne, og langt frå edrue mannen ved lyskysset på Vangen, fekk ein kraftig støkk og varsla politiet. Det viste seg å vera ein leikety-revolver av plast, av den typen ein kan smella krutlappar med.

Politiet tok "våpenet" frå mannen, og let han vandra vidare.

Nokre minutt tidlegare skal han ha briska seg med revolveren utanfor sosialbygget, og publikum var redd for at ein misnøgd "kunde" hadde truga tilsette ved sosialkontoret. Men der hadde han ikkje vore innom, får bt.no opplyst.

Mannen spøkte og lo, og først då han kom til lyskrysset, fann dei nokon grunn til å ringa politiet.