Den tamme raudreven som bur på Mannheller i Sogn går stadig om bord i ferja.

Førre veke vart han med ferja «Stryn» på ein tur over fjorden til Fodnes og attende. Turen tek om lag 20 minuttar kvar veg.

Spaserte roleg om bord

— Vi var sympatiske og han slapp å løyse billett, seier skipper Svein Fossmo på ferja «Stryn», til NRK Sogn og Fjordane.

Det var 05-avgangen natt til fredag at den litt uvanlege ferjepassasjeren spaserte om bord i «Stryn».

— Den var forbausande roleg. Vi hadde vår fulle hyre å halde han om bord slik at vi fekk han med oss attende til Mannheller. For vi vil ikkje flytte på den, fortel skipper Fossmo til NRK Sogn og Fjordane.

- Et av hendene

Den tamme reven kjem ned på kaia til faste tider. Den står på lemmen og ventar på ferja. Får den ikkje mat der, tek den turen om bord og snuser på søppelkassane.

Han står på bakbeina og et av hendene, seier Fossmo til NRK Sogn og Fjordane.

Glad i ferjebillettørane-

Det som er så artig, er at han er spesielt tillitsfull ovanfor billettørane. Han går rundt dei og lurer på om ikkje «tullingane» snart skal gi han mat. Han nappar i buskene deira, seier Fossmo og undrar seg over om det er fargen på uniforma som tiltrekkjer reven.

Klokka tre om natta stod Bjørg Svinstø på ferjekaien på Mannheller og venta på ferja.

— Eg var heilt åleine på den aude og gudsforlatne kaia. Brått og lydlaust kom det noko og snuste på beina mine. Eg trudde var ein hund. Den sette seg ned ved sekken min og då oppdaga eg at det var ein rev. Den virka veldig tam og var veldig fin, fortel Bjørg Svinstø til bt.no.