Askeland meiner samtidig at søksmålet ikkje treng vere heilt håplaust.

— Pårørande som får ein dødsbodskap, er i utgangspunktet ikkje i posisjon til å få utbetalt erstatning som skadeliden, seier Askeland, som er professor dr. juris ved Universitetet i Bergen.

— Men dommane som denne rettstilstanden byggjer på, byrjar å bli gamle. I det juridiske fagmiljøet er det etter kvart fleire som har teke til orde for at denne lovtolkinga er for streng, seier han.

Må tole slikt

Blir nokon heilt eller delvis ufør som følgje av ein brutal dødsbodskap, har gjeldande norsk rett altså vore at dette må ein tole.

Annleis er det om nokon er vitne til ei sjokkarta hending som råkar dei næraste, og av dette misser evna til å halde på jobb og inntekt. Då seier rettspraksis at skadevaldaren kan måtte betale erstatning.

Men ting kan vere på glid. Askeland nemner ein dom frå 2005. Her fekk foreldra til ein soldat som omkom under øving, erstatning som skadelidne i ein overgangsperiode. Dette sjølv om dei fysisk oppheldt langt unna det som skjedde.

— Dei fekk med seg ulukka gjennom massemedia, og frykta med rette at det galdt sonen. Men her er grunnlaget for dommen svært konkret og ikkje utan vidare overførbart til andre saker, seier Askeland.

Mellom

Dagens generelle rettstilstand på området er basert på til dels svært gamle dommar, dei yngste frå 1966 og 1985.

— Det har som sagt vore reist kritikk mot at det er for strengt her i Norge, og at det bør vere mogeleg å oppnå erstatning - i alle fall i ein overgangsperiode - sjølv om ein ikkje var til stades, seier jusprofessoren.

Han meiner rettssaka rundt familiefaren frå Stryn kan bli interessant å følgje.

— Det kan vere ønskjeleg med ei meir prinsipiell drøfting av desse problemstillingane. Eg har sjølv sagt til mine studentar at det hadde vore ein fordel med ein ny dom no, seier Bjarte Askeland.