Tidlegare sorenskrivar Olav C. A. Snellingen sine planar om eit rettsmuseum i den gamle Tingstova var komne langt mot realisering før dei vart lagt bort.

Tingstova frå 1700-talet på Helleland fekk på 1990-talet endra status frå freda til verna, vart demontert, fjøl for fjøl, merka og lagra for å gje plass til kontor for Sorenskrivaren i Hardanger.

Snellingen fekk sett huset opp att på ny tomt like sør for Ullensvang Hotell, og hadde tinga møbler og treskurd før han vart sjuk. Så vart det kluss med finansieringa, og planane vart skrinlagde. Huset vart i vår kjøpt av Hans Hag, som har stor interesse for gamle hus. Han har døypt om eigedomen til Helleland Skrivargard og søker no om bruksendring frå kontor og museum til fritidsbustad.

Slik saka har utvikla seg, har Kultur— og idrettsavdelinga i fylket ingen særlege merknader. Dei ser positivt på eigaren sin intensjon om kulturtilskipingar i underetasjen, og oppmodar om at også Rokokkosalen vert tilgjengeleg for publikum ved særskilte høve.

Rådmannen legg vekt på at eigedomen ligg i Lofthus sentrum, som er regulert til bustader og næring. Fritidsbustader som står tomme store deler av året, gjev ingen impulsar til eit levande samfunn. Når det er vanskeleg å få til museumsdrift, kan bustad vera aktuelt i deler av huset, meiner rådmannen, som minner om at fleire kunne tenka seg huset som bustad då det var til sals. Hag kjøpte det vel vitande om statusen som museums- og kontorbygning.