Siri Nome er psykiater og oppnemnt av retten for å vurdere den psykiske helsa til Trond Ramsland. Men i tillegg har ho hovudfag i matematikk og har spesialisert seg på satistikk. Ho har derfor god kjennskap til modellar for sannsynlegheitsbe-rekning.

Denne bakgrunnen gjorde at ho i dagens BA uttalte seg om reknestykka Trond Ramsland presenterte i retten tidlegare denne veka. Ramsland la fram handskrivne berekningar som han meinte viste at det var 1,7 prosents sjanse for at hans bil var i parkeringshuset drapsmorgonen.

— Han har brukt ein reell formel for sannsynlegheitsberekning, men den er ikkje rett brukt. Han ser bort frå mange opplysningar i saka. Dermed ber det gale av stad. Reknestykket er fullstendig uinteressant, seier Siri Nome til BA i dag.

Forsvarar Kaj Wigum hadde ingen sans for at Nome delte av den breie faglege kunnskapen sin med avislesarane:

— Dersom Nome faktisk har uttalt dette, har ho gått langt ut over rolla si. Eg har tatt opp liknande tilfelle også tidlegare, der aktørar i retten har uttalt seg til pressa på ein uheldig måte, sa Wigum.

Nome innrømte å ha sagt det ho var sitert på, og beklaga at ho hadde svart på journalistens spørsmål.

Rettens administrator, Jon Atle Njøsen, støtta Wigum i kritikken.

— Aktørane bør ikkje uttale seg til pressa - og i alle fall ikkje om ting som går ut over rolla dei har her i retten. Det er ikkje heldig, sa Njøsen.

Nomes kollega, Jon Geir Høyersten, retta også kritikk mot eit rettsreferat i dagens Bergens Tidende.

— Det er sterkt misvisande: Det står at vi ikkje meiner det er fare for gjentaking, og at vi ikkje har gått inn for å forvaring. Dette er ting vi ikkje har uttalt oss om, det er heller ikkje ein del av vår oppgåve, sa Høyersten.