«Under en viss tvil finner retten at en betingetfengselsstraff på 30 dager må være passende, kombinert med en ubetinget bot på kr 20.000», konkluderer retten i domspremissane som er offentleggjort i dag.

Dommarane meiner det må takast formildande omsyn til at saka har vore sterkt belastande for kapteinen og familien.

Mattrosar fikk bot

Kapteinen er funnen skuldig i aktløyse og rusing i teneste i samband med dei berykta ferjeturane mellom Stord og Kvinnherad 7.november i fjor.

Også styrmannen (28) er funnen skuldig i aktløyse og brot på lov om pliktmessig fråhald. Han er dømt til 18 dagars fengsel på vilkår og 15.000 kroner i bot.

Dei to matrosane på 50 og 54 år vedgjekk i retten brot på pliktfråhaldslova, og er dømde til 8000 kroner i bot kvar.

Maskinsjefen (55), som i politiavhøyr vedgjekk brot på plikfråhaldslova, men som nekta blankt for dette i retten, er frifunnen i Sunnhordland heradsrett.

Han blei målt til null i promille morgonen etter mannskapsmiddagen med vin, øl og dram. Maskinsjefen har innleia arbeidsrettssak mot HSD for å få kjent oppseiinga ugyldig. Alle fem mannskapa blei straks oppsagde etter ferjeturen i sambandet Leirvik — Ranavik - Sunde 7.november 2002.

Den halve vodkaflaska

Tingretten legg eit stort ansvar på kapteinen for at han sjølv og resten av mannskapet drakk «et betydelig kvantum alkohol». Retten finn det sterkt kritikkverdig at det var kapteinen som henta den halve vodkaflaska etter at middagen var over.

«Som kaptein skulle han åpenbart ha stoppet, om ikke før, så i alle fall drikking av alkohol etter middagen», konkluderer retten.

Sunnhordland tingrett ved dommar Jan Ivar Brønn og meddommarar Agnar Presthaug og Gustav Oma kommenterer også nestenulukka på Sunde som fleire passasjerar og vitne på land meiner MF «Os» var involvert i om lag klokka 06.30 7.november. Dette burde kapteinen ha rapportert i dekksdagboka, uttalar retten, som trur årsaka til nestenulukka var manglande merksemd.

DØMT FOR FØRSTE PROMILLETUR: Sunnhordland tingrett har nå avsagt dommen etter fylleturen med MF ”Os” den 7. november i fjor.
Foto: Ove Olderkjær