Men taksten vil liggje under marknadsverdien.

– Takstnemnda vil passe på at vi ikkje skyt for høgt, og siktar oss inn på ein takst som er 60–80 prosent av sannsynleg marknadsverdi, opplyser Tveiten.

Spørsmålet om eigedomsskatt for heile Kvam herad skal opp i samband med budsjettbehandlinga i haust. Gjer politikarane vedtak om skatt, skal dei samtidig vedta skatteøyre og botnfrådrag.

Når det fysiske takseringsarbeidet på ein eigedom er gjort, får eigarane tilsendt eit skjema med opplysningane, og kan sjølv kontrollere om fakta stemmer.

Deretter skal takseringa behandlast i ei nemnd. Når jobben er gjort, kan vedtak om endeleg skatt gjerast.

– Då får eigarane tilsendt ei endeleg utskrift, og har klagerett, seier Tveiten.