Saka er nå teken opp på politisk plan og mellom Kunnskapsdepartementet og Universitetet i Bergen.

Venstre-leiar Lars Sponheim sendte i går brev til kunnskapsminister Øystein Djupedal om saka. Han krev svar på kva slags regelverk som gjeld for tilsette om bruk av ressursane på universiteta til å ta private, betalte oppdrag.

Mange spørsmål

I går ettermiddag fekk departementet oversendt ei skriftleg forklaring frå Kjeldsen og frå fakultetet.

— Vi har gått inn i denne saka etter at det er skapt inntrykk av at det har skjedd ei uheldig rolleblanding. Om det har skjedd, vil vi seie oss leie for det. Førebels har vi ikkje konkludert. Det vil ta litt lengre tid, seier universitetsdirektør Kåre Rommetveit.

I går sa Kjeldsen seg lei for at han ikkje hadde klargjort at han ikkje uttalte seg i eigenskap av universitetstilsett.

Av orienteringa frå Kjeldsen går det fram at han i år mellom anna har halde kurs i taleskriving for Nærings- og handelsdepartementet. I fjor hadde han tilsvarande kurs for Ap.

Rommetveit opplyser at Universitetet i Bergen sidan i fjor haust har arbeidd med eit etisk regelverk for tilsette, som skal hindre at det oppstår moglege rollekonfliktar.

— Endringar i samfunnet har ført til at det blir større forventningar til universitetstilsette. Det har samanheng med kommersialisering, krav om at tilsette skal uttale seg til media og spele ei aktiv rolle i samfunnsdebatten.

- Integriteten øydelagd

Ein som ikkje er i tvil om at det har skjedd ei rolleblanding, er Frp-formann Carl I. Hagen. Til Bergens Tidende seier han:

— Denne saka minner meg om den forskingsskandalen som vart rulla opp ved Rikshospitalet for ikkje lenge sidan. Under dekke av uavhengig fagleg kompetanse knytt til Universitetet, kjem Kjeldsen med vurderingar av kven som har mest å fare med og vinn TV-debattar. I det løynde har han vore rådgjevar for Ap. Etter dette er integriteten hans heilt øydelagd. Det må vere ei sak for arbeidsgjevaren hans, Universitetet i Bergen.

— Denne saka bør også sette ein støkk i alle redaksjonar som nyttar såkalla objektive kommentatorar til å felle dom i politiske spørsmål. Eg trur folk flest etter dette vil oppleve det som at såkalla ekspertar ikkje er nøytrale men held seg inne med makta, seier Hagen.

Sjølvkritisk Kjeldsen

I dag seier Kjeldsen til BT:

— Eg skulle kanskje ikkje ha delteke i vurderingane av TV-debattane i etterkant. Men eg står inne for dei råda eg gav i dokumentet. Dei som les kva eg faktisk har skreve, slik alle nå kan, vil sjå at eg rår til å vere positiv, sakleg og handlingsorientert, fokusere på eigne saker og løysingar. Eg har ikkje sagt eller skreve at det gjeld å framstille Siv Jensen som surpomp. Aftenposten si framstilling er vridd.

Notatet var stempla «konfidensielt». Han forklarar at det var heilt naturleg ettersom det var eit strateginotat.

— Når ein lagar eit strateginotat har ein ikkje lyst til at motparten skal få fatt i det. Men etter det som nå har hendt, er det for min del bra at heile notatet har kome ut. Slik kan alle sjå at eg oppfordrar til å snakke om eigen politikk.

Lærepenge

— Men korleis kunne du finne på å gje deg til å kommentere TV-debattane i etterkant?

— Eg tenkte ikkje nøye nok over det.

— Men er ikkje dette ganske elementært?

— Jau, det er vel det.

— Du har fått ein skikkeleg lærepenge nå?

— Eg har vel det. Når dette er sagt vil eg seie at eg sa like mykje godt om Siv Jensen som om Jens Stoltenberg etter TV-debattane.

— Eg er ikkje Ap-mann, forsikrar Kjeldsen. Eg har berre utførd eit oppdrag. Eg har uttala meg om faget mitt. Eg har ikkje noko politisk engasjement, seier han.

— Eg har også avtale om å halde retorikk-kurs for Unge Høgre. Men det blir vel neppe aktuelt etter dette, seier han.

Kjeldsen opplyser at han i fleire år har hatt eit firma, Kjeldsen Kommunikasjon. Han seier det har vore ein praktisk måte å ordne fakturering på i samband med oppdrag han har hatt.

DYRE RÅD: På oppdrag frå Ap gav førsteamanuensis Jens Elmelund Kjeldsen råd til statsminister Jens Stoltenberg og statsråd Bjarne Håkon Hanssen om korleis dei skulle «vinne» debattar med nestleiar Siv Jensen i Frp.

ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH

DYRE RÅD: På oppdrag frå Ap gav førsteamanuensis Jens Elmelund Kjeldsen råd til statsminister Jens Stoltenberg og statsråd Bjarne Håkon Hanssen om korleis dei skulle «vinne» debattar med nestleiar Siv Jensen i Frp. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH