Mannskap frå Stord og Fitjar Røde Korps hjelpekorps søkte området både fra sjø og land frå klokka 11 på føremiddagen fram til etter at mørket fall på i går kveld.

— Det siste vi veit sikkert er at han var i samtale med ei dørvakt da han forlot utestaden, seier 1. betjent Svein Roald Vikse. - Da sa han at han hadde tenkt seg vidare til ein annan utestad, men vi veit no positivt at han aldri kom dit denne natta.

Ifølgje Vikse har politi og leitemannskap forsøkt å leite grundigast i alle tenkbare ruter heimover frå området mellom utestadane og 70-åringens bustad.

Det var sonen som melde faren sakna seint sundag ettermiddag då mannen ikkje var komen til rette. Leitinga vil bli tatt opp igjen i dag.

LEITER PÅ SJØEN: Lensmannen i Stord opplyser at saka blir etterforska parallelt med søket etter den sakna 70-åringen.
FOTO: OVE OLDERKJÆR