— Møtet førte ikkje til noko semje eller endring av situasjonen. Vi føler likevel at vi har dette under kontroll, seier fungerande lensmann Einar Christensen i Sogndal.

Ifølgje lensmannen har ingen av partane politimeld kvarandre formelt, og det er heller ikkje oppretta noko sak i samband med bærplukkar-opprøret.

— Vi har vore i kontakt med partane, seier lensmannen, og fortel vidare at tenestemenn frå kontoret har vore på Nornes som namsmenn og forkynt eit par sivile vedtak. Ut over dette vil ikkje lensmannen utdjupe kva problemstillingar politiet har fokusert på i saka.

— Det hender vi tar initiativ i slike saker, utan at vi ønskjer å gå vidare med det. No håpar vi å få denne saka på skinner, slik at det roar seg, seier Christensen.