– Det har vore folk ute i heile natt. Vi har ikkje funne den sakna, opplyser lensmann Kjell Fonn til bt.no.

Mannen, som er i 20-åra, melde sjølv frå om at han sat vêrfast over mobiltelefon klokka 13.15 søndag. Han hadde med seg telt som han slo opp og overnatta i natt til måndag. Siste gongen politiet hadde kontakt med mannen var måndag morgon.

– Vi trur batteriet på mobiltelefonen er tomt. Når vi har sett i gang leiting er det fordi vi ikkje utelukke at noko har skjedd, eksempelvis om han har prøvd å ta seg ned, seier Fonn.

Det har vore dårleg vêr i området med snø og vind siste dagane.

– Vi snakkar ikkje om dei store snømengdene. Men vinden har blåse snøen i fonner, noko som gjer det vanskeleg å ta seg fram. Vi prøvde med snøscooter i går, men måtte gje oss. Så leitemannskapet som tok seg fram til toppen av Skinnbroka i natt og har søkt der, gjekk til fots, opplyser lensmannen.

Heller ikkje helikopter har vore råd å bruke, og det er også ein viss fare for snøras.

Den sakna mannen skal vere van med å gå i fjellet.

– Vi har fått opplyst at dette er ein person som likar å gå til fjells. Han dreg ofte på overnattingsturar, og skal vere godt utstyrt både med telt, klede og mat, seier Fonn.

Området det blir leita i ligg i opp mot 800 meters høgde vest om Førde sentrum. Under normale forhold tek det kring ein time å gå til Skinnbroka frå Vasslia, ved riksvegen mellom Førde og Askvoll.