All handel med levande dyr er stoppa på dei 30 bruka. På fleire av gardane må storfe slaktast.

Det var etter at bonden slakta ei ku heime på garden på Selseng i Sogndalsdalen tidleg i april at sjukdommen blei oppdaga. Rutinemessig blei distriktsveterinæren kontakta.

Dyrlegen fekk mistanke om at dyret kunne vere smitta, og nokre dagar seinare blei det slått fast at kua var angripen av den smittsame sjukdomen.

Flest i Sogn

Etter den tid har veterinærstyremaktene kartlagt kontakten mellom bruket i Sogndal og andre gardar.

— Vi meiner no å ha fått eit komplett oversyn. Det har vore kontakt med 30 andre bruk. Flesteparten av desse er i Sogn, men også til gardsbruk i Sunnfjord, Nordfjord, Rogaland og på Sunnmøre har det vore selt dyr. Også eit bruk på Austlandet har fått pålagt restriksjonar, opplyser distriktsveterinær Olav Hermansen.

All livdyrhandel er stoppa frå dei 30 bruka. I tillegg blir det no teke avføringsprøver for å kontrollere om det er smitte i buskapane. Men svar på prøvene vil truleg ikkje vere klart før om tre-fire månader.

Slakta

Dyr som er selde frå Sogndal-garden og som framleis er i live, blir no slakta.

— Så langt dreiar dette seg om eit ti-tals storfe, opplyser Hermansen.

Distriktsveterinæren meiner det ikkje er noko grunn til å overdramatisere sjukdomsutbrotet.

— Paratuberkulose er ein sjukdom vi har hatt i alle tider, seier Hermansen. Han meiner at det så langt ikkje er noko med sjukdomsutbrotet i Sogndal som tilseier at situasjonen er forverra.

I gjødsel

Paratuberkulose er ein kronisk sjukdom hos dyr som tygg drøv. Symptoma er avmagring og diaré. Dyra kan gå med smitten i årevis før sjukdomen bryt ut.

Sjukdomen påverkar tarmen og lymfeknutar. Den vanlegaste smittevegen er at dyr får i seg avføring frå smitta dyr. Bakterien er mostandsdyktig, og det er påvist at han kan overleve i månader i gjødsel.

På verdsbasis er paratuberkulose eit stort problem. Her i landet har sjukdomen vore kjend sidan 1908. I første rekkje har sjukdomen ramma geiter.

Smitta frå geit

— Dei siste åra er sjukdomen halden i sjakk ved å vaksinere geitene, seier Olav Hermansen.

Innanfor forskarmiljøet har det dei siste åra gått ein debatt om paratuberkulose frå geit kan smitte over til storfe.

— Utbrotet i Sogndal skjedde i eit område der det er mange geitebønder. Det er difor nærliggande å tru at kua kan ha fått smitten i seg frå geiter.