Tysdag ettermiddag vart restauranten Hot Wok på Sartor Senter stengt på flekken. Det skjedde etter at Mattilsynet kom på ein umeld inspeksjon.

— Det var generelt dårleg reinhald der dei oppbevarar og lagar mat. Dette var ein stad der det har vore for dårleg reinhald over lengre tid, seier inspektør og fagansvarleg Margrethe Wold på distriktskontoret til Mattilsynet i Bergen.

- Grobotn for bakteriar

Ho seier det skjer iblant at restaurantar blir stengt på denne måten.

— Men det er ikkje nok at vi synes det er litt skite. Det må være så dårleg renhald av overflatene at vi vurderar at det kan gje grobotn for oppvekst av bakteriar, og gjere maten uttrygg å ete, seier ho.

Wold presiserar at dette ikkje er ein restaurant dei har dårleg erfaringar med frå før.

Vaskar ned

— Eg er ikkje samd i at det har vore dårleg reinhald over lang tid, men det har vore over tid slik det ser ut no, seier Torsten Helsing, dagleg leiar og eigar av restauranten.

Han seier dei no vaskar ned restauranten.

— Vi tek dette til etteretning og opnar i morgon med skinande rein restaurant, seier han.

- Skjer aldri igjen

Helsing seier dei no skal gå gjennom rutinene for å sørge for at dette ikkje skjer igjen.

- Kva vil du seie til kundane dykkar?

— Eg kan i alle fall love at dei skal være heilt trygge når dei et der i framtida. Dette kjem aldri til å skje igjen, seier han.