Det er bergensarane i selskapet Vangsgutane som vil ha Rema 1000 som medspelar i Voss Handelshus, eit kompleks dei vil byggja opp rundt det tidlegare slakteriet til Geitle på Palmafossen.

Vangsgutane har for lengst gått i gang med rivings— og ombyggingsarbeid på slakteriet, trass protestar frå naboar og andre.

«Mykje rot»

Rådmannen har lite til overs for framgangsmåten.

«Eit opplegg med å utarbeida utbyggingsplan i privat regi, før kommunen har endra reguleringsplanen, har ført til mykje rot», skriv rådmannen i utgreiinga.

Formannskapet er invitert til å vedta at framlegget til reguleringsendring skal leggast ut offentleg ettersyn. Føresegnene opnar for daglegvarehandel. Derimot vender rådmannen tommelen ned for eit treningssenter i komplekset. Slikt bør ligga i Voss sentrum.

Lobbybrosjyre

Trongen for enda fleire daglegvarebutikkar er eit omstridd tema. I denne samanhengen har Vangsgutane kopla inn konkurransetilsynet og sendt ut ein brosjyre til alle husstandane på Voss.

Brosjyren er på bokmål, inneheld omstridde meiningsmålingar, og faktafeil allereie i andre setning. Der blir handelsregionen i indre Hordaland i storleik samanlikna med Ålesund by «med sine ca. 25.000 innbyggere».

Offentlege tal viser at det innanfor bygrensene i Ålesund budde 41.833 personar ved årsskiftet. I tillegg 7.626 på øya Sula som frå 1977 er eigen kommune, men framleis i same handelsområde. Til saman tett oppunder 50.000.