Sogn tingrett meiner det er bevist at mannen har hatt minst 11 barnepornografiske bilete på ein pc. Han har også hatt tilgang til to videofilmar med tilsvarande innhald.

Mannen er dømd til fengsel i 21 dagar. Dommen er på vilkår med ei prøvetid på to år. Rektoren må gje frå seg to bærbare datamaskiner, og må også betale 5000 kroner i sakskostnader til staten.

Eks-kone

Det var ei venninne av rektorens eks-kone som oppdaga dei barnepornografiske bileta. Den datakyndige venninna skulle sjekke eksens datamaskin som fungerte dårleg. Vennina fann då filer som kunne indikere ulovleg barnepornografisk materiale.

Eks-kona leverte pc-en til politiet, og det blei starten på ei sak som har fått brei omtale i lokale media.

Politiet fann nemleg ulovleg materiale, og føretok deretter ransaking både på kontoret og heime hos rektoren. Mellom anna blei det teke beslag i fire datamaskiner. Dei fann to videofiler med ulovleg barnepornografisk materiale. Og ved å gjenopprette midlertidige internettfiler, oppdaga politiet også fotografi med ulovleg innhald.

Nekta

Rektoren har forklart at han har sett på lovleg erotikk og porno på nett omlag ein gong i veka. Men han har heile tida nekta for å ha sett på barnepornografisk materiale, og avvist all kjennskap til dei ulovlege filene. I retten hevda mannens forsvarar at funna kan skuldast ulovleg hacking. Folk på besøk kan også ha brukt maskinene.

Tingretten avviser desse synspunkta, og legg til grunn at mannen «planmessig har gjort seg kjent med fremstilling av seksuelle overgrep mot barn eller fremstilling som seksualiserer barn». Dei legg vekt på at det er funne mellombelse internettfiler med barneporno, søkjeord som indikerer leiting etter barneporno og nettadresser som fører til sider med klart ulovelg innhald. Retten meiner det er lite sannsynleg at andre kan ha hacka seg inn på maskinene eller brukt dei.

Under rettssak blei det lagt fram ei omfattande fotomappe. Tingretten har ikkje gått inn i heile denne, men funne tiltalte skuldig i «planmessig å ha gjort seg kjent med minst 11 bilder som inneholder barnepornografi, i tillegg til uaktsom besittelse av to videofilmer med tilsvarende innhold.»