– Det vi ser no er eit utslag av dei varme haustane vi har hatt siste åra. Folk flest har merka dette med at vintrane har kome seinare og seinare, seier forskar Einar Svendsen ved Havforskingsinstituttet i Bergen.

Instituttet tok til med å måle temperaturane i havet langs norskekysten systematisk i 1936. Målingane skjer ved åtte faste hydrografiske stasjonar frå Lista i sør til Ingøy i Finnmark i nord. Lokalfolk, stort sett fiskarar, måler temperatur og saltinnhald i sjøen to-tre gonger kvar månad året rundt. Målingane blir gjort frå overflata til sjøbotnen.

Mot normalt

Ved stasjonen i Sognesjøen, der det faktisk har vore målingar like tilbake til 1935, blei temperaturen i overflata målt til 13,1 grader 30. oktober. Normalen er 10,1. På 50 meter djupne var det 13,7 grader, snittet er 10,8. Også på dei store djupa var det heitare enn vanleg. På 300 meter var det 8 grader, mot normalt 7,4.

Også tala frå dei andre målestasjonane sør om Stad viser same utslag. Oppvarminga går djupast lengst sør, heile 100 meter ved Lista. Langs kysten av Vestlandet går sjiktet med ekstremt varmt havvatn ned til kring 50 meter.

For å finne haustmånader som kan kome nær rekordnivået frå siste månadene må forskarane ved Havforskingsinstituttet tilbake til 2001, 1999 og 1958.

Også nord om Stad er havet langt varmare enn normalt, men her er ikkje utslaga så store. Data frå målestasjonane nord om Polarsirkelen viser at havtemperaturen der er 1-2 grader over normalen.

Manglar nordavind

– Temperaturane i havet er veldig sterkt knytte til atmosfæren og kva veg lågtrykka tek, seier Einar Svendsen.

Seks veker med regn og varme vindar frå sør og sørvest får konsekvensar.

– Det er ikkje tvil om at mangel på nordavind betyr mykje for at Nordsjøen er så varm i haust.

– Kor stor innverknad har dei mykje omtala menneskeskapte klimaendringane?

– Det store fleirtalet av forskarane er einige om at auken i CO2-utslepp gjer kloden varmare. Det får naturleg nok konsekvensar for havtemperaturane.

Men Svendsen understrekar også at vi no er inne i ein periode der naturlege svingingar gjer at vi er på ein varmetopp i vår del av verda. Dei menneskeskapte klimaendringar kjem så på toppen av det att.

Kaldare att

– Vi havforskarar opererer med naturlege variasjonar i klima og temperatur. Svingingane skjer innanfor periodar på 50-60 år. Dersom vi går tilbake til 1920— åra har vi opplysningar som viser at temperaturen i Nordsjøen ikkje var så mykje under det nivået vi har no. Då var det også mange milde vintrar på rad, seier forskaren.

Seinare blei klimaet gradvis kaldare, sjølvsagt med enkeltår innimellom som avveik frå trenden. 60- og 70-talet var ein kuldetopp.

– Dei av oss som vaks opp då, hugsar godt dei lange og kalde vintrane med islagde vatn og store snømengder på slutten av 60-talet. Etterpå har det gradvis blitt mildare, til vi no etter vår meining i alle fall er nær ein ny varmetopp.

– Dermed kan vi altså bu oss på kaldare vintrar att om nokre år?

– Om variasjonane følgjer dei naturlege svingingane vi har sett før, skal vi ikkje sjå bort frå det.

KNUT EGIL WANG