Når hadde vi i vest ein så flott påske sist? Og var januar 1902 kaldare enn januar 2002? Dette og mykje meir får du svar på ved å klikke deg inn på den flunkande nye nettsida rimfrost.no.

Visste du for eksempel at våren 2002 slo alle tidlegare rekordar? Ikkje sidan dei første meteorologiske målingane i Bergen i 1858 var våren så varm: Middeltemperaturen var 8.21 grader. Våren 1959 får andreplass med 8.1 grader.

Den aller kaldaste bergensvåren kom i 1877 med ein middeltemperatur på 3.6 grader.

Rimfrost.no er eit ikkje-kommersielt samarbeid mellom Meteorologisk institutt og høgskulelektor i databehandling, Sigmund Hov Moen.

— Ofte blir det så vanskeleg når meteorologar skal forklare, men på rimfrost.no kan kven som helse skaffe seg kunnskapar om vêret før og no, reklamerer Hov Moen.

— Du treng ikkje hovudfag i meteorologi. Til og med tanta mi på 81 år klarar dette

At vi nordmenn er opptekne av vêret, fekk Hov Moen sanne i går. På opningsdagen til rimfrost.no var interessa voldsom.

— Interessa er ikkje minst så stor fordi mykje tyder på at vi går mot eit nytt klima i vår tid. Med denne nettsida kan fleire vere med og studere om det faktisk er slik.