• Når målet for verksemda vår er å fremja gledene med friluftsliv og frisk fjelluft, er det sjølvsagt med dei beste kjensler me kan visa fram gjestebøker som stadfestar tidenes beste sesong på Fonnabu og Holmaskjer.

STEINAR HYSTAD

Karl Olsen er hytte— og ruteansvarleg i Bergen Turlag og har nett gjort opp statistikken for gangtrafikken i fjellheimen som soknar til laget. Det gjeld i Stølsheimen, Skålatårnet i Loen, vest på Hardangervidda og på den evige is og snø over Folgefonna .

Olsen har talt opp namna på alle som har registrert seg i hyttene og kan presentera tal som fortel at ekstra mange personar har teke Turistforeningen si utfordring om å gjera 2002 til «Fjellets år».

1100 på Fonnabu

  • Våre registreringar skil ikkje mellom overnatting og dagsbesøk på hyttene, det er heller ikkje det vesentlege. Viktigast er det at folk tar turen og får oppleva fjellvidder, toppar og brear ý slik dei 1100 som har skrive seg inn på Fonnabu har gjort.

— Dette er ei stell-deg-sjølv hytte 1450 meter over Maurangerfjorden, med ved, gass, mat og soveplass til kring 40 personar. Ikkje så langt frå ligg den vesle Breidablikk med fire køyer, ved og gass, men utan mat. 400 har signert gjesteboka der i sommar, summerer Karl Olsen på turlagskontoret i Marken.

Manntalet frå desse hyttene garanterer for at i alle fall halvtanna tusen personar i perioden april til oktober har gått i storslått natur fire ýfem timar (ein veg) opp Keisarstien frå Sundal og på snaufjellet inn mot breen.

Ridesti frå Odda

Turansvarleg Karl Olsen ser akkurat dette med steingrunn heile strekkja som ein viktig saksopplysning. Det er nemleg mange som lurer på om det krevst ski for å nå fram til brekanten også midtsommarstid. Men det gjer det altså ikkje. Den som lurer kan spørja seg føre hjå Bergen Turlag.

Ridestien frå Odda opp Tokheimslia til Støladalen og vidare mot Holmaskjer var ferdig restaurert i fjor. Tiltaket har slått ut i auka gjestebod til turlagshytta på austsida av breen.

— Også på og over Folgegonna har det vore rekordferdsle i sommar. Uvanleg lange periodar med godt ver, har hatt sitt å seia, men over tid har me spora ei generelt aukande interesse mellom ferdafolk for å oppleva ekte og barsk natur, seier Åsmund Bakke i Folgefonna Breførarlag med base i Jondal.

Mange turistar

Han har sjølv vore leiar av 60 turar denne sesongen og har på same vis som kollegaer hatt godt belegg på annonserte streif, samstundes som det har auka på med leigetenester. 60 prosent av deltakarane har vore turistar frå utlandet.

I sommar har breførarlaget hatt daglege vandretilbod til blåisen med oppgang frå både Jondal og Mauranger. I tillegg startar dei med føringsturar over sjølve Folgefonna frå Fonnabu til Holmaskjer. Der kunne ein velja å gå ned til Odda eller bli med på returen noko seinare på dagen.

Gangtida over breen med inntrykks- og utsynsstopp på toppen i 1632 meters høgde, er rekna til to timar og ein går på rekkje, sikra med tau.

Vekevis med heiter dagar sette spor i høgda for sjeldan har så mykje blåis og sprekker vist seg som haust.

— På bretur må ein ha i mente at ein ferdast på eit element i evig rørsle og difor er det viktig å visa varsemd. I mai er det på 'an igjen.

Sesongen vår startar alltid med to-dagars turane Folgefonna på langs frå Jondal til Rosendal med overnatting på Fonnabu. Ei knalloppleving. Eg har alt byrja gleda meg, seier Åsmund Bakke.

DET VART mange strålande dagar på toppen av Folgefonna i sommar. Biletet er teke tidleg i juni med Nordbreen og Midtbreen i synsranda under himmelkvelven. FOTO: STEINAR HYSTAD