— Det har skjedd at vi har starta slåtten i mai før, men det er uvanleg tidleg i år, seier gardbrukaren på Lote. Ein gong starta han slåtten 25. mai. Men då kom det snø dagen etter.

Ei eng med seks mål hundegras, ein grastype som kjem svært tidleg, blei hausta i går.

— No må vi bestemme oss for om vi skal halde fram og ta resten i same rennet, seier Reksten. Han driv samdrift i lag med to andre bønder i bygda, som er mest kjend for ferjeleiet.

To veker før normalen

I Sogn og Fjordane er Lote ein av stadene våren kjem først. Men også i område som normalt er langt seinare, klargjer bøndene i desse dagar slåtteutstyret. Og i mange frukthagar har dei alt slått graset.

— I forhold til eit normalår er vi nok kring to veker tidlegare, er fasitsvaret frå landbrukskontora på Vestlandet.

Mange bønder kan komme til å hauste tre gonger i år, så framt sommarvêret viser seg like lagleg som den uvanleg varme og tørre våren.

— Men ein del bønder er nok i ferd med å merke at det blir i tørraste laget, meiner jordbrukssjef i Gloppen, Jon Egil Vik.

Tynt

Litt for lite regn har det også vore på Lote. Det merka bonden då han sette maskinene på bøen i går.

— Det såg veldig bra ut før vi tok til å slå. Men graset er ganske tynt, kunne han konstatere etter å ha gjort unna dei første rundane på enga.

Gras trivst best i regn og kulde. Sein vekst gjev tett gras og store avlingar.

— Men det går jo ikkje an å klage. Vi kan ikkje berre tenkje på avlingane, heller. Det har vore ein fantastisk vår. Og dersom vi kan hauste tre gonger, går det vel opp i opp, trur Reksten.

FØRST UTE?: Leiv Reksten slo hundegraset i går. Førsteslåtten nærmar seg på Vestlandet. Den uvanleg varme våren gjer at mange bønder kan rekne med å hauste tre gonger i år.
FOTO: ØYSTEIN TORHEIM