KJERSTI MJØR

Pollensesongen kom som julekvelden på kjerringa på allergikarane i år. Aldri tidlegare har Norges astma— og allergiforbund (NAAF) målt eit så tidleg utbrot av or og hassel. Ein særdeles mild januar månad får skulda.

— Pollensesongen er rekordtidleg i år, stadfestar pollenforskar Hallvard Ramfjord i NAAF.

Forvekslar symptom

Tjuvstarten fører til forvirring. Folk går rundt med rennande eller tette naser, auger som klør og hovudverk, og trur dei er forkjøla eller har fått influensa. Men rett svar kan vere pollenallergi.

— Folk skjønar ingenting. Allergikarar tenkjer ikkje på pollen i januar og februar, seier Maren Tveit, som er regionsekretær for NAAF i vest.

— Men varer ei forkjøling i 2-3 veker, bør du sjekke om det kan vere allergi.

Tveit er sjølv allergikar, og har alt i fleire veker merka at ikkje alt er som det pleier. Mens andre nyt februarsola utandørs, må Tveit nøye seg med å sjå på gjennom vindauget.

— Eg nyt véret når eg sit inne og ser ut, og unnar andre å kose seg i det fine véret, forsikrar Tveit.

... og så kjem selje og bjørk

— Men går eg ut sjølv, kan eg få allergiske reaksjonar og blir så utslått at eg må rett til køys etterpå. Det er mange år sidan sist vi opplevde noko slikt i februar.

Heldigvis for allergikarane betyr tidleg start også tidlegare slutt på pollensesongen. Om to til tre veker er det over og ut med or- og hasselpollen.

Men pustepausen varer truleg berre eit par veker - i beste fall.

— På Vestlandet er det vanleg at bjørkepollenet kjem rundt 30. april. Men innimellom or og hassel og bjørk blomstrar selja, og gåsungar kan gje ein del plager, seier Ramfjord til BT.