Då dei som strauk fekk eit nytt forsøk, strauk meir enn halvparten på ny, melder NRK Sogn og Fjordane.

Stadig fleire studentar ved helsefag på sjukepleiehøgskulen i Førde, stryk til eksamenar og kjem ikkje gjennom studiet. I ein lang periode har skulen hatt særleg store vanskar med å få studentane gjennom anatomieksamen.

40 prosent av sjukepleiestudentane som gjekk opp i anatomi i vår strauk. Då dei same studentane fekk ein ny sjanse på det andre studieåret som starta i haust, strauk 63 prosent av dei på nytt.

— Dette er særleg alvorleg når ein veit at anatomi er eit spesielt viktig fag innan sjukepleien, seier studieleiar Anne-Grethe Naustdal. Ho ser svært alvorleg på situasjonen.

Ho trur årsaka til den høge strykprosenten er at studentane er mindre flinke til å pugge. Naustdal seier studentane vil få tilbod om ekstraundervising.