Stadig fleire vil ha pinnekjøt allereie i november, og stadig fleire utanfor dei tradisjonelle pinnekjøt-distrikta vil ha denne julematen.

— Slik salet har gått dei sist vekene, er det klart at vi ikkje har nok pinnekjøt heilt fram til jul. Og med tanke på jula er det no blitt for seint å produsere nytt, fortel salsdirektør Sverre Sandsmark i Gilde Norge.

- Eit stort sug

Gilde er desidert størst på pinnekjøt i Norge, men også konkurrentane opplever i år ei formidabel auke i salet. Dermed er det ein reell fare for at mange butikkhyller står tomme for pinnekjøt innan få veker.

Hjå eksempelvis konkurrenten Nordfjord Kjøt, som leverer sine drygt 400 tonn pinnekjøt til Rema 1000-kjeda, er situasjonen mykje den same.

— Vi opplever eit stort sug etter dette produktet i år. Det er tydeleg at folk startar sesongen tidlegare. Vi har produsert 100 tonn meir pinnekjøt samanlikna med i fjor, opplyser Torleif Roksvåg i Nordfjord Kjøtt.

Også aktørar som Fatland og Finsbråten har meldt om solid volumauke på dei typiske juleprodukta sine.

Bransjen reknar på landsbasis med at tre av ti har pinnekjøt på julaftan, medan andelen er langt høgare på Vestlandet.

Kjøper dyrare kvalitet

I forkant av sesongen la Gilde opp til ei auke på rundt 15 prosent i høve fjoråret, ein kalkyle som no viser seg å sprekke.

— Vi skulle gjerne hatt meir å tilby, men det er for seint å lage meir no, seier Gilde-direktøren. - Desse signala skulle vi svært gjerne hatt tidlegare slik at vi kunne justert opp produksjonen.

Totalt leverer kjøtgiganten rundt tusen tonn pinnekjøt på marknaden i år. Ein stadig større del av dette er såkalla spesialprodukt, så som eldhusrøkt eller pinnekjøt av villsau.

— Dette er ei vesentleg dyrare vare, men stadig fleire vil ha det. Folk vil altså ha meir og betre pinnekjøt, seier Sandsmark.

Prisane ligg frå knapt hundre kroner kiloet for det billegaste tørka pinnekjøtet og opp til godt over 200 kroner for dei dyrast spesialvariantane.

— Den store auken i salet ser vi utanfor dei tradisjonell pinnekjøt-områda, eksempelvis på Austlandet, seier Sverre Sandsmark.

Eirik Brekke