Rådmann Steinar Nesse seier til Kystradioen at det er god avkastning på fonda til kommunen og låg lånerente som er dei viktigaste årsakene til rekordresultatet.

Ifølgje Nesse er 2005 det beste året han har vore med på i Fjell.

Kommunen sine to store fond, kapitalfondet og driftsfondet, utgjer nå tilsaman 280 millionar kroner.

Fjell kommune har i tre år på rad hatt stort overskot på drifta.