— Berre så langt i år har det komme fleire einslege mindreårige asylsøkjarar til Norge enn det samla har komme til Sverige, Danmark og Finland, opplyser Atle Berge, regionsjef for Utlendingsdirektoratet (UDI) på Vestlandet.

UDI reknar med at det i år vil komme 750 unge asylsøkjarar utan far og mor til Norge. I fjor kom det 545, medan talet i 2000 var 556. Medan i overkant av 300 av søkjarane har fått opphaldsløyve kvart av desse to åra, reknar UDI no med at talet unge som skal busetjast i år vil bli nærare 500. Det er 100 fleire enn direktoratet har kalkulert med.

Godt rykte

I tillegg til at det er avgjort å auke bemanninga på mottak for unge asylsøkjarar, appellerer UDI no til norske kommunar om hjelp.

— Vi treng fleire busetjingsplassar enn nokon gong før, seier Atle Berge.

Så langt har ikkje UDI noko godt svar på kvifor så mange einslege asylsøkjarar under 18 år ser ut til å satse på Norge. Men over for Bergens Tidende peikar UDI-sjefen på Vestlandet likevel på to faktorar som kan spele inn.

Sverige og Danmark har sett i gang alderstesting av unge innvandrarar. Ein god del unge bløffar på alderen. Testinga i nabolanda gjer at ein del kan ha valt vekk desse som asylalternativ. I tillegg har Norge eit bra tilbod til denne gruppa asylsøkjarar. Dei får betre tilbod i asylmottaka og sjansen til å få bli på humanitært grunnlag er større enn i mange andre land.

— Frå før veit vi at slike faktorar kan styre innvandringsstraumen, seier Berge.

Alderstesting

Også UDI ønskjer no løyve til å teste alderen på asylsøkjarar dei har mistanke om gjer seg nokre år yngre enn dei er. Dei siste åra har det vore fleire døme på godt vaksen asylsøkjarar som har hevda dei er under 18 for å jukse seg til plass i asylkøen.

— Vi veit at ein del innvandrar til Norge lyg på alderen, seier Berge.

Gjennom røntgenfotografering av handleddet er det råd å fastslå omtrentleg alder på eit menneske. Men eit av problema med knokkeltesten er at menneska veks ulikt. Spesielt gjeld dette menn i alderen 15-18 år. Røntgentesten kan difor vere unøyaktig.

Over halvparten av flyktningane i verda er ungar. I Europa finst rundt 100.000 einslege, mindreårige asylsøkjarar. Den vanlegaste grunnen til at barn blir flyktningar er krig og fattigdom, men også seksuell utnytting av barn til prostitusjon eller i pornoindustrien blir rekna å vere ei vesentleg årsak.

Ein del ungar blir også sende til vestlege land i håp om at resten av familien kan komme etter for å få familiegjenforening. Desse ungane, som ofte bli kalla ankerbarn, har ingen automatisk rett til familiegjenforening så lenge dei har fått opphald på humanitært grunnlag.