I ei helg med Sildajazz i Haugesund og storoppsetjing av «Les Misérables» i Moster Amfi, var det til tider lange køar ved bomstasjonen på Føyno.

Det blei registrert 6264 passeringar, vel hundre fleire enn førre rekord datert to dagar tidlegare.

Då Trekantsambandets undersjøiske tunnel og tre bruer blei opna i 2001, var prognosen ein trafikk på 3400 bilar i døgeret i snitt, og ei nedbetalingstid på anlegget på 15 år.

No ligg det an til at prosjektet til 1,8 milliardar kroner er betalt om 11 — 12 år.