Så langt i år er 191 familievaldssaker meldt til politiet i Bergen mot 124 på same tid i fjor.

— Me har avdekt fleire familievaldssaker i år enn det som har vore vanleg. Eg trur det kjem av at politiet har auka fokuset på vald i nære relasjonar, seier politioverbetjent Tove Lian Mathiesen ved volds- og sedelighetsseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon.

Lian Mathiesen understrekar at tala berre inkluderer saker som kjem inn under familievaldsparagrafen i straffelova.

430 saker i Hordaland

I heile Hordaland var det per 1. desember meldt 430 familievaldssaker til politiet.

— All erfaring tilseier at når det blir fokus på ein type saker, avdekker ein også meir. Over tid er politiet blitt flinkare til å ta familievaldssaker på alvor, og å ta sakene vidare i systemet, seier Lian Mathiesen.

Ho oppfordrar dei som har mistanke om familievald til å ta kontakt med politiet.

— Ingen skal måtta leva med vald eller trugsmål om vald. Særleg er det viktig at små barn slepp å leva under slike forhold, seier Lian Mathiesen.

- Rekordår for overnattingar

På krisesentra rundt om i landet blir det meldt om stor pågang dei siste månadene.

— Frå sommaren og utover har mange senter hatt fulle hus. Det kan tyda på at 2007 blir eit nytt rekordår når det gjeld talet på overnattingar. Mange kvinner blir buande altfor lenge på krisesentra, noko som er negativt, seier Tove Smaadahl i Krisesentersekretariatet.

Bergen krisesenter er blant dei som har fulle hus.

— Me har hatt enorm pågang det siste halve året, og har over 20 kvinner buande hos oss no. Men sjølv om det er fullt, avviser me ingen, seier dagleg leiar Lisbeth Mosaker.

Ho trur pågangen kjem av auka fokus på familievald i samfunnet.

— Eg trur ikkje det er meir vald enn tidlegare, men eg trur at mediefokuset har gjort det lettare for kvinner å ta kontakt. Både kommunale og sentrale styresmakter viser også stor vilje til å ta tak i problematikken, seier Mosaker.

Menneskehandel-offer

Krisesentra både i Bergen og ellers i landet tar imot stadig fleire kvinner som er offer for menneskehandel.

— I 2005 var det 72 kvinner med denne bakgrunnen som budde på norske krisesenter. Eg trur det går mot ny rekord i år. Mange av dei blir buande altfor lenge, fordi kommunane manglar husvære til dei, seier Tove Smaadahl i Krisesentersekretariatet.

Lisbeth Mosaker stadfestar dette.

— Dei siste tre åra har me fått inn fleire offer for menneskehandel. Samfunnet endrar seg heile tida, noko som resulterer i nye brukargrupper. Det er mykje fokus på å yta hjelp til desse kvinnene, men utfordringa er å gi politiet nok ressursar til å etterforska denne typen grov kriminalitet, seier Mosaker.

Også krisesenteret i Sunnhordland har fullt hus.

— Så langt i år har me hatt 736 overnattingsdøger fordelt på 17 kvinner og 19 barn. Til samanlikning hadde me 694 overnattingsdøger i heile fjor, seier dagleg leiar Grethe Simonsen.

På krisesenteret i Odda har dei ledig kapasitet, men også dei har opplevd auke i talet på overnattingsdøger. Så langt i år har dei hatt 212 overnattingsdøger mot 151 overnattingsdøger i 2006.

— Eg trur kvinner er blitt meir bevisste på sin eigen livssituasjon, slik at dei klarer å ta tak i ting raskare, seier Jutte Hansen ved Odda krisesenter til bt.no.

- Lettare å ta kontakt

Krisesenteret i Sogn og Fjordane har også hatt fullt hus i heile haust. Så langt i år har det budd 31 kvinner og 38 barn på senteret, mot 31 vaksne og 20 barn i 2006.

— Pågangen varierer frå år til år. At storsamfunnet set fokus på vald i nære relasjonar, er med på å letta tabua og gjer det lettare for kvinner å søkja hjelp, seier dagleg leiar Kari Witzøe.

Voss krisesenter skiljer seg ut med tomt hus.

— Det er heilt normalt at det går litt opp og ned, slik har det alltid vore. Ein del kvinner frå mindre plassar som Voss dreg gjerne til Bergen eller andre byar for å få hjelp. Dei kjenner seg ikkje trygge på heimstaden, seier dagleg leiar Nina Øvstedal.

Ny handlingsplan

Regjeringa la i går fram ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Her listar regjeringa opp femti konkrete tiltak mot familievald. Les heile handlingsplanen her.

– Kvinner har rett til eit samliv fritt for vald og trugsmål. Barn skal sikrast ein oppvekst utan overgrep og frykt. Me har ikkje lov til å snu oss bort, verken som medmenneske eller samfunn, seier justisminister Knut Storberget på justisdepartementet si nettside.

Kva meiner du om saka? Sei di meining her.

STØRRE FOKUS: - Politiet er blitt meir bevisst på denne typen vald, og tar fleire familievaldssaker vidare i systemet, seier Tove Lian Mathiesen ved Bergen sentrum politistasjon. ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ