Aldri før har ei meiningsmåling gjeve Framstegspartiet eit så godt resultat i Bergen: Nær 24 prosent av veljarane seier dei ville ha stemt Frp viss det hadde vore kommuneval i morgon.

— Det var ein fin start på helga, seier gruppeleiar og listetopp for Frp i Bergen, Liv Røssland.

— Målinga er den første vi har tatt opp etter innføringa av den upopulære piggdekkavgifta (som Frp var i mot). Trur du den saka er noko av forklaringa på oppgangen?

— Det er veldig vanskeleg å seie. Meiningsmålingar er ikkje lette å kommentere, men eg vonar vi går fram fordi vi viser at vi jobbar hardt for tale veljaranes sak, seier ho.

Sprikande målingar

Ein årsak til at Røssland er litt avventande er at Bergensavisen i fredag presenterte ei meiningsmåling der Frp går ned for andre månad på rad.

Så sjølv om ein skulle tru verda var slik at Frp tente på ei sak som kampen mot den upopulære piggdekkavgifta, skal ein òg ta vår måling med ei klype salt.

Det gjeld òg for andre parti: I september gjekk hattane i taket i Høgre (i alle fall kan vi tenkje oss det), då BT si måling viste at partiet var tilbake til gamle høgder med 29,3 prosent.

På novembermålinga er partiet tilbake att på eit nivå godt under Friele-valet i 2003. Opinion si måling for BT gjev Høgre 23,3 prosent av røystene, medan gårsdagens måling i BA gav partiet heile 31,2 prosent.

Så med mindre det har skjedd store endringar i veljarmassen frå måndag til torsdag, har begge målingane slått ut med maksimal feilmargin på fire prosentpoeng.

Mot fleirtal for Høgre-Frp

TNS Gallup si måling for BA gje Høgre reint fleirtal i bystyret saman med Frp (51,1 prosent), medan dei to partia manglar tre mandat på eit fleirtal i Opinion si BT-måling.

Ei måling eit tredje byrå (Sentio) gjorde for NRK Hordaland førre veke, viste òg reint fleirtal for Høgre og Frp i Bergen (51,7 prosent).

Fleire andre målingar denne hausten har vist liknande resultat. Viss det held seg kan spørsmålet om dei to partia vil få reint fleirtal bli det heitaste temaet før og under kommunevalkampen neste haust.

Høgre og Frp er klare for eit samarbeid. Det store spørsmålet blir kva KrF gjer viss dei kjem på vippen, noko dei no lett kan gjere.

— Det er klart at KrF gjev oss meir positive signal enn i 2003. Men samstundes held dei oss på avstand. Så det gjer jobben enklare viss vi får reint fleirtal med Høgre, seier Liv Røssland.

Alle målingar tyder på at Frp vil gjere eit langt betre val enn sist, då dei fekk 17,3 prosent av røystene i Bergen.

Røssland er likevel varsam med å ta sigeren på forskot. Difor er det viktig for partiet kva KrF landar på.

— KrF har ei utfordring dei òg: Dei må bestemme seg, seier Liv Røssland.