Førsteårsstudentane har i vår avlagt eksamen i emna forvaltningsrett, familie— og arverett og kontraktsrett. Av 961 eksamenssvar stod 86 til A, som er beste karakter, og altså berre 13 til stryk. Strykprosenten ligg dermed på 1,4.

— Stryk er ikkje lenger eit problem på jusstudiet ved Universitetet i Bergen, fastslår jusprofessor Johan Giertsen.

Høg strykprosent var tidlegare eit stort problem på jusstudiet. Det var lenge normalt at så mykje som 30 prosent av studentane strauk til eksamen. På midten av 90-talet byrja strykprosenten å gå nedover, og etter innføringa av Kvalitetsreforma har prosenten gått ytterlegare ned. Giertsen trur dei nye undervisningsformene har vore avgjerande.

— Undervisninga har blitt lagt om ganske kraftig i samband med den nye reforma. Me har halde på dei tradisjonelle førelesingane, men det blir i tillegg satsa stort på gruppearbeid. Studentane blir delte i arbeidsgrupper frå dag éin, og løyser oppgåver heile semesteret igjennom. Dermed får dei god skrivetrening, noko som viser igjen på eksamen. For oss er Kvalitetsreforma verkeleg ei kvalitetsreform, seier Giertsen.

Jusprofessoren peikar også på arbeidsame studentar som ei av årsakene til det gode eksamensresultatet.

— Jusstudentane i Bergen er veldig flittige. Det blir stadig vekk gjort undersøkingar av kor mykje tid studentar bruker på studia, og jusstudentane ved UiB kjem alltid høgt opp på desse listene. Dette betalar seg når eksamen kjem, seier Giertsen.